• Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    16.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5264, GARNES
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6449151
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
Ledig stilling

Bergen kommune

Lærarstilling vikariat og ringevikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Garnes skule eitt vikariat i 100%, 50% og ringevikar med høve til fast vikariat ledig for engasjerte kollegaer som ønskjer å være med å skape ein god skule for verdas beste elevar! 100% vikariatet er faglærar eller oppfølgjing av elevar på ulike trinn.  50% vikariatet er som lærar på mellomsteget. Det er aktuelt å kalle inn til intervju fortløpande i utlysingsperioden.

Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med ca 310 elevar skuleåret 2025/26. Det er om lag 50 tilsette på skulen. Skulen sitt leiarteam består av rektor og fire avdelingsleiarar. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.

På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal oppleve trivsel og læring. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik. Skulen si hovudsatsing er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med fellesskapande opplæring for elevar med stort læringspotensial og trua på at alle elevar høyrer heime i fellesskapet og korleis vi vaksne kan hjelpe dei for å ha det godt med seg sjølv og andre. Dei neste to skuleåra skal vi samarbeide med Universitetet i Bergen i eit partnarskap for å fremje inkludering gjennom digitalisering og kunstig intelligens.

Garnes skule har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der ca 90% av elevane har bokmål som sitt hovudmål. 

Kvalifikasjoner:

  • Lærerutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn
  • Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar er ei fordel.
  • Ønskjeleg med erfaring frå undervisning i fleksible areal

Personlige egenskaper:

  • Du har eit sterkt pedagogisk engasjement og interesse, der elevane si tilhøyring sosialt og i læring står i fokus
  • Du er ein tydelig og varm vaksen
  • Du vil bidra til eit fellesskap der alle elevar kjenner dei høyrer til
  • Du har kompetanse på å skape gode relasjonar til elevar, kollegaar og foreldre
  • Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
  • Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
  • Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Du er motivert for å jobbe i team på ein baseorganisert skule

Vi tilbyr:

  • Bergen kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjaver med tydeleg retning for bergensskulen
  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette 
  • Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Gode avtalar om td. boliglån i Statens Pensjonskasse
 

  • Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    16.11.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5264, GARNES
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6449151
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune