• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4672924
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 01.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Lærarstilling i Balestrand

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Ledig 1 – 2 faste lærarstillingar i Balestrand

Har du lyst på ei fast lærarstilling? Kanskje er du glad i friluftsliv? Eller kunst og kultur? Har du tenkt på å flytte heim? Eller rett og slett prøva noko nytt? Då er Balestrand staden for deg! Sagatun skule treng lærarar! Skulen ligg idyllisk til med eit stort uteområde og utsikt utover Sognefjorden. Bak ligg dei bratte og vakre Balestrandsfjella. Du møter spennande natur kor du snur deg og eit nærområde som innbyr til aktivitet. No er me på jakt etter ein relasjonssterk lærar som vil inspirera og motivera elevane våre til sosial og fagleg utvikling.

 

Om oss

Som tilsett ved Sagatun skule får du 20 kollegaer som alle brenn for elevane. Tal elevar ligg på om lag 115 frå 1. til og med 10. trinn. Elevane kjem frå Fjordane, Dragsvik, utover mot Nessane og frå sentrum i Balestrand Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane.

Skulen har godt kvalifiserte lærarar og tilsette som samarbeider på dei ulike trinna. Sagatun tilbyr skulefritidsordning for elevane på 1.- 4.trinn. Skulen samarbeider med idrettslaget og Sygna vgs om bruk av idrettsbana, Kreklingen stadion og idrettshallen, Belehalli. Bygda Balestrand har også mykje å by på innanfor friluftsliv, kunst og kultur. Det er berre kreativiteten som set grenser for å utnytte bygda sine ressursar i opplæringa.

Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som tilsett får du ta del i fagnettverk, kompetanseheving og fagdagar. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av skular skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar dei bur i den langstrakte kommunen.

 

Om stillinga

Me søkjer etter dyktige lærarar. Utlysinga gjeld også stillingar som kan bli ledige på eit seinare tidspunkt. Me vil hjelpa til med å skaffa husvære for dei som treng det og kartlegga jobbmoglegheiter for ektefelle eller sambuar om det skulle vera aktuelt.

 

Kvalifikasjonar

Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetting som lærar i grunnskulen og ynskje om gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

  • Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiat
  • Evne til samskaping og bidra inn i profesjonsfellesskap
  • Kreativ og utforskande
  • Fleksibel, tilpassingsdyktig og utviklingsorienter
  • Empatisk og ha evna til å sjå heile mennesket.

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i skular med innbydande nærmiljø som opnar opp for praktisk og variert undervisning
  • Fagleg fellesskap i og utanfor klasserommet. Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4672924
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 01.07.2022