Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
30.03.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6105772Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Lærarstilling - fast / tidsavgrensa
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune.
Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Neste skuleår har vi om lag 425 elevar og 60 tilsette. Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar.
Grunna overgang til pensjon, permisjonar og vidareutdanning så har vi neste skuleår behov for inntil 1300% stilling som lærar ved skulen. Det er snakk om både faste og tidsavgrensa stillingar av ulik lengde (frå to mnd. til årsvikariat). Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfelleskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling.
Kvalifikasjoner:
Den som blir tilsett må beherske norsk skriftleg og munnleg. Søkjar må også kunne nytte nynorsk.
Vi krev undervisningskompetanse for ungdomstrinnet.
Erfaring frå undervisning på ungdomssteget er ein fordel.
Søkjar må kunne nytte digitale verktøy.
Vi søkjer deg som har god relasjonskompetanse og kan bygge gode læringsmiljø i tett samarbeid på team.
Du har evne til å organisere undervisning og aktivitetar på ein strukturert og forutsigbar måte til det beste for elevane.
Personlige egenskaper:
Vi søkjar deg som er glad i å samarbeide, er kreativ og løysingsorientert og som likar å utvikle profesjonen din.
Du er ein tydeleg klasseleiar og trivst i lag med ungdom. Du må vere interessert i elevane, både i fagleg og personleg utvikling.
Du er ein relasjonsbyggjar og har eit genuint ynskje om å utgjere ein positiv forskjell for elevane.
Som lærar i ein hektisk kvardag, er du fleksibel og handterer utfordringar og stress som måtte dukke opp.
God kommunikasjonsdugleik er viktig, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr:
Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling.
Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer.
Vi samarbeider tett om fag og elevar, med mellom anna to kontaktlærarar per klasse og tett og forpliktande fagsamarbeid på trinn.
Skulen har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling, læringsutbytte, vurdering, klasseleiing og profesjonsutvikling.
Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk.
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
30.03.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6105772Se her for andre jobber fra Sula kommune
-
Undervisningsstillingar i skulane i Giske kommune frå 01.08.2025
Giske Kommune
VALDERØYA -
Den spanande jobben som rektor på Våge skule er no ledig
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Lærar og fagarbeidar/ assistent- Tilkallingsvikarar Ytre Arna skule
Bergen kommune
BERGEN -
Lærarstillingar ved ungdomsskulane i Øygarden kommune skuleåret 2025/2026
Øygarden kommune
STRAUME -
Lærar til Angvik skule
Gjemnes kommune
BATNFJORDSØRA