Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
19.02.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4949038Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 04.02.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Austevoll kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur , bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad
Austevoll ungdomsskule held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. Vi legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi er ein MOT-skule og utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Vi får tilbakemeldingar på at vi har eit godt elev- og arbeidsmiljø og er ein skule som er utviklingsorientert. Skulen har i dag ca 45 tilsette og 250 elevar fordelt på 8.-10.trinn.
Vi har behov for fleire dyktige lærarar og kan tilby 100 % fast stilling frå 1.februar 2023
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- undervisning
- faglæraroppgåver
- kan vere aktuelt med ei rolle som kontaktlærar
- arbeide i team med pedagogar og fagarbeidarar
- følge opp elevar med særskilte behov
- delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
- bidra til å skape eit godt skulemiljø
Kvalifikasjonar
- godkjent undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
- ha utdanning innanfor basisfaget engelsk
- ønskeleg med fagkompetanse i matematikk, samfunnsfag, krle og spesialpedagogikk
- har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
- positivt med undervisningserfaring frå ungdomsskulen
- vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking
- vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- 100 % fast stilling
- Spanande utfordringar i ein utviklingsorientert skule
- Løn etter avtaleverket, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer
For å betre kjønnsbalansen på arbeidsplassen vil vi oppmode menn til å søke
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Företag
Austevoll kommuneAnsökningstiden
19.02.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4949038Se här för andra jobb från Austevoll kommune
- Uppdaterad 04.02.2023