• Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    31.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6119739
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
Ledig stilling

Bergen kommune

Lærarar - Ytre Arna skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli med oss i team YA neste skuleår? Vi har ledig inntil 1 fast stilling og 2 årsvikariater frå 01.08.25.

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.

Skulen sin visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.

Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.

Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

Dei ledige stillingane skal dekke alle fag på barneskulen. Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt for ein eller fleire av stillingane.

Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.

Kvalifikasjoner:

  • Godkjend lærarutdanning for undervisning på 1.-7.trinn.
  • Undervisningskompetanse i minst to av dei tre basisfaga (norsk, matematikk og engelsk) blir prioritert.
  • Erfaring frå arbeid på barneskule. Ønskeleg med erfaring frå pedagogiske metodar som er sentrale for alle trinn på YA, som helhetlesing, tenkende klasserom, stasjonsarbeid med aktiv læring, storyline og forandre med varme-metodikk. 
  • God kompetanse i norsk språk er eit krav. Kompetanse i andre språk er ein fordel.
  • God digital kompetanse
  • Spesialpedagogisk og migrasjonspedagogisk kompetanse er ein fordel
  • Kompetanse i praktisk-estetiske fag, som kunst & handverk, musikk og uteskule, er ein fordel

Personlige egenskaper:

  • Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar.
  • Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing.
  • Du ønsker å legge til rette for leik i skulen, både god frileik og pedagogisk leik.
  • Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team.
  • Du er fagleg engasjert og kreativ, fleksibel og robust.
  • Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og eit inkluderande, fleirkulturelt arbeidsmiljø 
  • IA-bedrift og gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
 

  • Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    31.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6119739
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune