• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591810
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 12.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Lærar ved Torpo skule frå 01.08.2022

Offentlig forvaltning

Torpo skule søker dyktige og engasjerte lærarar!

Me søker
Frå 01.08.2022 er det ledig 100 % fast stilling som lærar ved Torpo skule. Kommande skuleår vil det særleg vere behov for kontaktlærarar. Torpo skule er ein fådelt skule med 44 elevar og 4 klassar frå hausten av. 7 heile lærarstillingar er knytt til skulen. Torpo skule vart fullrenovert i 2010, og er spesielt godt egna for bruk av utemiljøet i undervisninga. Skulen har stor gymsal og svømmebasseng. Skulen skårar høgt på trivsel hjå elevane og det er eit godt læringsmiljø på skulen- for store og små.

"Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing. Det er innført iPad/PC til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3. Det er spesielt behov for kompetanse i basisfaga og begynneropplæringa.

Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Skulen i Ål nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
- du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- du trivst i ein digital kvardag.
- du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- du har engasjement for elevar med spesielle behov

Me tilbyr
- ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
- ein engasjert skule i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- høg trivsel blant elevane
- godt samarbeid mellom skule og heim
- hjelp til bustad

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Du må sende elektronisk søknad. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    25.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591810
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 12.07.2022