• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4230441
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune

Lærarar ved Hallingdal leirskule

Ål Kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Er du glad i friluftsliv og har barn og ungdom sitt beste i fokus? Likar du å engasjere elevar til læring ute i all slags vær, og er ekstra glad i vinter og dei aktivitetane denne årstida byr på? Då vil du passe på Norges mest Ål-reite leirskule.


Me søker

Det er ledig inntil 2x100 % stilling. Stillingane er vikariat i perioden desember-april 2022. Det kan vere høve til vidare engasjement etter dette. Me søker faglege, dyktige og engasjerte medarbeidar som vil vere med å gje elevane på Hallingdal leirskule den beste veka i livet.

Her kan de få informasjon om Hallingdal leirskule: https://topcamp.no/nb/hallingdal/leirskole


Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova, gjerne utdanning innan idrett, friluftsliv eller naturfag.


Arbeidsoppgåver

Undervisning av elevar på leirskulen, stort sett utandørs.


Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.


Det er ynskjeleg at lærarar ved leirskulen

- er ein tydeleg vaksen

- er interessert i barn og unge

- har gode samarbeidsevner og kan skape gode relasjonar

- har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med lærarar, elevar og andre samarbeidspartnarar

- har god formidlingsevne muntleg og skriftleg

 
Me tilbyr

- gode fasilitetar på femstjerners campingplass

- godt arbeidsmiljø

- spennande arbeidsoppgaver

- mykje uteliv

- hjelp til å skaffe bustad

 
Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.


Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.


Send søknad

Det skal sendast elektronisk søknad. Velg "Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt til e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unntatt offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

 

 
  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    06.12.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4230441
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune