• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    02.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3444467
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 05.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Lærarar ved Gol vaksenopplæring

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol vaksenopplæring er ein del av Læringssenteret Gol og held til i same bygg som Hallingdal karrieresenter og Unginvest. Vi held til i Gol sentrum.
Skulen er leia av rektor. Vi har p.t 9 tilsette ved skulen. Vi har om lag 70 elevar, fordelt på norskopplæring for minoritetsspråklege og grunnskuleopplæring for vaksne.
Vaksenopplæringa er i ferd med å innføre nye læreplanar i norskopplæring og det pregar utviklingsarbeidet vårt for tida.
Elevane våre kjem frå mange ulike land og vi vil vera ein del av integreringsprosessen for eleven til det norske samfunnet.

Vi søkjer:
Lærarar for faste stillingar skuleåret 2021-2022

Arbeidsoppgåver:
• Undervisning i norsk for minoritetsspråklege og undervisning i fag på grunnskule for vaksne i samsvar med gjeldande læreplanar

Kvalifikasjonar:
Grunnskulelærar eller faglærar med fordjuping i:
• norsk som andrespråk for vaksne
• norsk
• matematikk
• IKT

Vi ynskjer at du:
• Kan motivere elevar og kollegaer, slik at elevane får betre fagleg og sosial framgang
• Meistrar klasseleiing og har evner til å skape gode relasjonar med vaksne elevar.
• Har fokus på elevane si læring, og arbeider målretta og sjølvstendig
• Er fleksibel og har evne til samarbeid med kollegaer
• Er ein del av eit fellesskap, og ikkje står åleine med ansvaret for læringsresultatet
• Kan dele med, og vil lære av andre
• Er aktivt med i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
• Er positiv og har godt humør
• Har god evne til skriftleg og munnleg framstilling. I Gol kommune nyttar vi nynorsk som målform

Vi tilbyr:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Ein skule der elevar trivst
• Eit utviklingsorientert fagmiljø
• Eit nyoppussa og funksjonelt skulebygg

For stillinga gjeld:
• Kommunale løns- og arbeidsvilkår

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.
• Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    02.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3444467
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 05.02.2021