Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
10.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5083425Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 21.03.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Lærarar - Skulen i Ål
Offentlig forvaltning
Frå 1. august er det ledig faste og mellombelse stillingar for lærarar på 1-7. trinn og for lærarar på 8-10. trinn. Utlysinga gjeld og for stillingar som blir ledige fram mot 1. august.
Før gjerne opp i søknaden kvar du ønskjer å jobbe.
Grunnskule
Har du godkjent undervisningskompetanse, og kanskje erfaring frå arbeid med barn med spesielle behov? Då vil me ha din søknad. Hjå oss er det mogligheiter for personlig vekst og for å få kontaktlæraransvar.
Skulane i Ål
Ål kommune har ein desentralisert skulestruktur med både små og litt større skular. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ønskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i skulane våre.
«Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på, og auka læringsutbytte, er sentrale mål. Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing. Det er innført iPad/PC til kvar elev. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på styrkebasert tankesett, leik - leikbasert læring - praksisnær læring, inkluderande praksis og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3
Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.
Me ynskjer at du
- brenn for læraryrket og ønskjer å bidra til god læring for elevane
- er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- trivst i ein digital kvardag
- er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- ønskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Skulen i Ål nyttar nynorsk som målform.
Me tilbyr
- arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
- gode støtteordningar for å ta fag som engelsk, norsk eller matematikk
Send søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Flytt til Ål! - Ål kommune - Les meir!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
10.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5083425Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 21.03.2023