Bedrift
HJARTDAL KOMMUNESøknadsfrist
07.11.2021Bransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3692, SAULAND
HJARTDAL
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
4171071Se her for andre jobber fra HJARTDAL KOMMUNE
- Oppdatert 21.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
HJARTDAL KOMMUNE
Lærarar Sauland skule
Offentlige tjenester og forvaltning
Sauland skule har ledige vikariat for lærarar resten av skuleåret 2021-2022. Det kan òg bli ledig fast
stilling ved Sauland skule.
Info om eininga
Sauland skule ligg i Sauland sentrum, rett ved Sauland kyrkje. Sauland skule er ein barne- og
ungdomsskule. På 1.-7- steg er vi fådelt, men på ungdomssteget er det fulldelt med ei klasse på
kvart steg. Skulen sine satsingsområde er tidleg innsats, inkluderande læringsmiljø, lesing i alle fag og
fagfornyinga. I tillegg har vi læringsbrett (iPad) til alle elevane på skulen.
Formelle kvalifikasjonskrav lærar/pedagog
Godkjent utdanning som grunnskulelærar eller pedagog med undervisningserfaring. Relevant
erfaring vil bli tillagt vekt.
Vi har behov for:
Lærar/pedagog med undervisningskompetanse på 1.-7. steg i dei fleste fag og gjerne i kombinasjon
med kompetanse innan spesialundervisning. Undervisningskompetanse på ungdomsskulen vil også
vere aktuelt, spesielt realfagkompetanse.
Personlege eigenskapar:
Vi legg vekt på tydleg klasseleiing, positivt elev- og læringssyn, og at du er strukturert og sjølvstendig.
Det vil bli vektlagt personleg eignaheit.
Vi tilbyr:
- God pensjonsordning gjennom SPK
- Lønns- og arbeidsvilkår i henhold til gjeldende avtaleverk
- Godt arbeidsmiljø
Anna:
Dei som blir tilsett må leggja fram gyldig politiattest, jfr Opplæringslova § 10-9.
Kopi av vitnemål og attester leverast i forbindelse med intervjuet.
Spørsmål til stillingane kan rettast til:
Inger Øya Grøgård, Rektor Sauland skule, tlf: 35 02 83 00/948 21 895
Søknad med CV sendast til postmottak@hjartdal.kommune.no eller Hjartdal kommune,
Servicekontoret, 3692 SAULAND. Merk søknaden med ref.nr. 21/2331
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført
opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje blir søkjaren varsla om dette,
jf. Offentleglova § 25.
Hjartdal kommune
Hjartdal kommune ligg i Aust-Telemark med grense til kommunane Notodden, Tinn og Seljord.
Kommunen har ca. 1600 innbyggarar og er ein triveleg kommune med gode og trygge oppvekstvilkår.
Kommunen består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca.
20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg. Hjartdal er ein attraktiv
hyttekommune med flott natur for opplevingar og friluftsliv.
Søknadsfrist 07.11.21
Bedrift
HJARTDAL KOMMUNESøknadsfrist
07.11.2021Bransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3692, SAULAND
HJARTDAL
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
4171071Se her for andre jobber fra HJARTDAL KOMMUNE
- Oppdatert 21.10.2021