• Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Bedriftstype
    Offentlig
  • Organisasjonsnummer
    964963649
  • Antall ansatte
    ca 200
  • Nettside
    HJARTDAL KOMMUNE

Adresse

Besøksadresse
Saulandsvegen 414
3692  SAULAND

HJARTDAL KOMMUNE oppføring hos:

HJARTDAL KOMMUNE

Hjartdal kommune ligg i Aust-Telemark med grense til kommunane Notodden, Tinn og Seljord.

Hjartdal er ein triveleg kommune med gode og trygge oppvekstvilkår. Kommunen består av tre bygder; Sauland, Tuddal og Hjartdal.

Sauland er kommunesenter med mellom anna kommunehus, legekontor, helsestasjon, tannlege, lensmannskontor, bibliotek, sjukeheim, bank, frisør, bensinstasjon og daglegvarebutikk. I Sauland er det fleire kommunale bustadfelt i tillegg til spreidd busetnad. Avstanden til Notodden er ca 20 minuttar.

Tuddal er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Tuddal Høgfjellshotell er det eldste høgfjellshotellet i Noreg. I Tuddal er det mellom anna kafé, trelastutsal og daglegvarebutikk. Det har vore ei omfattande utbygging av hytter i Tuddal dei siste åra. Tuddal ligg på solsida av Gaustatoppen.

Hjartdal er ”kulturlandskapsbygda” med eit særmerkt og godt bevara kulturlandskap av nasjonal verdi. 

Både Tuddal og Hjartdal har sterke kulturtradisjonar knytt til folkemusikk og tradisjonshandverk. Den kjente felespelaren Knut Buen bur og verkar i Tuddal.

Næringslivet i kommunen er knytt til landbruk, tursime og handverkstenester.

Det var stor kraftutbygging i kommunen på 1950-talet. Det gir kommunen gode inntekter som kjem innbyggjarane til gode i form av gode kommunale tenester. Det er skular og barnehagar i alle bygdene. Det er bygd ny barnehage i Sauland som opna i januar 2010.

Det er byggeklare kommunale tomter i alle bygdene.

Det er eit rikt organisasjonsliv i kommunen og dugnadsvilja er stor. Dette er med på å styrke banda mellom folk.

Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune. Det har vore stor hyttebygging dei siste åra, men det er framleis god plass og ein flott natur for opplevingar, friluftsliv, jakt og fiske.

Stamvegen E 134 går gjennom kommunen og er med på å sikre gode kommunikasjonar både mot øst og vest.

Kommunevåpenet består av ein sølvfarga hjort på grøn botn. Kommunevåpenet er teikna av Svein Grue Carlsen i 1988. Bakgrunnen for val av motiv er knytt til fleire tolkingar av namnet Hjartdal. ”Hjart” kan kome av ”hjort”. Vi har og ei lita stamme hjort i kommunen. Truleg har førekomsten av hjort vore større tidlegare. Ei anna tolking av namnet Hjartdal er Hjord som tyder dyreflokk.  

Ledige jobber

Kompetansebehov i bedriften

Effektiv rekruttering på 1-2-3
  • Attraktiv bedriftsprofilering
  • Målrettet jobbannonse
  • Ta godt imot kandidaten
Les mer på Karriere for bedrifter Legg ut jobbannonse