• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6509948
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Lærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gossen barne og ungdomsskole søkjer 2-3 lærarar i 100% fast stilling, med oppstart 1.8.2026. 

Arbeidsoppgåver 
Stillinga er knytta til undervisning. Kontaktlæraransvar kan vere ein del av stillinga. 

Det ønskeleg med kompetanse i norskspesialpedagogikk og særskild språkopplæring. 

 

Krav til søkar 

  • Formelle krav til stillinga finn ein i forskrift til opplæringslova 
  • Du er god på relasjon, klasseleiing og samarbeid med heimen 
  • Du er fagleg trygg og har gode samarbeidsevner 
  • Du er utviklingsorientert og løysingsorientert 
  • Du har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy 
  • Du kan å bruke nynorsk som målform 

Personlege eigenskapar 

  • Du kommuniserer godt, samarbeider og er stabil 
  • Du er ein tydeleg, varm og trygg klasseleiar 
  • Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane 
  • Du er systematisk og strukturert 
  • Du har høge ambisjonar for kvar elev 
  • Du er positiv, fleksibel og bidrar til eit godt arbeidsmiljø 

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker. 

Vi tilbyr 

På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv.

Gode pensjons- og forsikringsordningar 
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff 
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning 
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav 
Det blir stilt krav om politiattest 

Prøvetid 
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader 

Søkarliste 
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

Søknad sendast 
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    09.02.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6509948
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune