Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
10.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5210179Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 27.05.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Lærarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Lærarjobb i Sunnfjord kommune
Sunnfjordskulen er prega av trivsel, gode faglege resultat og godt profesjonsfagleg samarbeid, og har behov for fleire lærarar. Som nyutdanna deltar du i eit eige program med andre nyutdanna, og får tett oppfølging av eigen mentor. Ein glimrande start på arbeidslivet!
Vi har gode lønsordningar som kjem i tillegg til grunnløna di:- kompetansetillegg om du har, eller tek studiepoeng ut over grunnutdanninga
- høge tillegg om du blir kontaktlærar
- gode tillegg om du ønsker å søke på funksjonsstillingar
Vi har ledige vikarstillingar ved følgande skular
Sunde skule
Sunde skule er 1.-7. skule med ca. 160 elevar.
Vi er ein nyutbygd moderne skule med gode rammevilkår for å jobbe variert og praktisk. Våre satsingsområde er aktive elevar, utforskande læring og inkluderande skulemiljø.
Sunde skule treng lærar i 100 % stilling som kan undervise på 1.-4. steg. Deler av stillinga vil vere å følge opp elevar med spesielle behov. Praktisk/estetiske fag og kroppsøving på 5.-7. steg kan også bli lagt til stillinga.
Fagønske: spesialpedagogikk
Sande skule
Sande skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 282 elevar og 50 tilsette. Vi har ein flott idrettshall og har eige symjebasseng. Skulen har fokus på trivsel og gode relasjonar til elevane.
Vi treng lærarar i 2 x 100 % stilling som kan ta timar på 4.-10. klassetrinn.
Fagønske: mange fag kan vere aktuelle, men det er ein fordel med ekstra kompetanse i basisfaga norsk og engelsk.
Førde ungdomsskule
På Førde ungdomsskule er det 300 elevar og 40 tilsette. Skulen har gode faglege resultat og høg trivsel både blant elevar og tilsette.
Vi søker etter lærarar i 2 x 100 % stilling.
Fagønske: norsk og/eller engelsk.
Slåtten skule
Slåtten skule, er ein 1.-7. skule. Vi har 380 elevar og 55 tilsette. Visjonen vår er; Saman skal vi få med alle! Vi er ein god inkluderande skule og SFO, med dyktige og engasjerte tilsette. Skulen har eit flott uteområde, som ligg svært godt til rette for aktivitet både sommar og vinter.
Vi søker etter lærar i 100 % stillingsom kan undervise i 1.-7. klasse, gjerne med fagkompetanse i engelsk.
Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning
- gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
- er ein tydeleg og strukturert klasseleiar/klasselærar
- kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
- har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar. Dei fleste vikariata varer ut skuleåret men nokre vikariat kan ha kortare varigheit.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi krev politiattest av ny dato før start i stilling.
Du finn meir informasjon om skulane og stillingane på skulane sine nettsider.
Det kan bli fleire ledige stillingar fram mot skulestart, og vi treng også tilkallingsvikarar.
Søknad
Du søker elektronisk og prioriterer i søknaden kva skule du søker på. Det er viktig at du legg ved (lastar opp) vitnemål og attestar.
Velkommen til Sunnfjord. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
10.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5210179Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 27.05.2023