• Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    11.10.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5265, YTRE ARNA
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5373805
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
  • Oppdatert 11.10.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Bergen kommune

Lærar Ytre Arna skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli ein del av team YA? Ein av våre dyktige småtrinnslærarar går ut i morspermisjon og vi har difor ledig eit lærarvikariat frå 1.desember 2023 og ut skuleåret 23/24.

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.

Skulens visjon er: «Trivsel tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking motivasjon og mestring.

Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.

Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.

Det ledige vikariatet er ein 100 % stilling som timelærar på småtrinnet frå 01.12.23-31.07.24.  

Vi er opptekne av å rekruttera positive medarbeidarar og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetningar.

Kvalifikasjoner:

Godkjend lærarutdanning for undervisning 1.-7.trinn
Erfaring frå undervisning på barnetrinnet er ein stor fordel
Digital kompetanse
Spesialpedagogisk og migrasjonspedagogisk kompetanse er ein fordel

Personlige egenskaper:

Du er ein trygg, varm og tydeleg læringsleiar
Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
Du er fagleg engasjert, fleksibel, kreativ og løysingsorientert
Du er ansvarsbevisst og strukturert
Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 
IA-bedrift
Gode velferdsordningar
Lønn etter gjeldande avtaleverk
   

  • Bedrift
    Bergen kommune
  • Søknadsfrist
    11.10.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5265, YTRE ARNA
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5373805
  • Se her for andre jobber fra Bergen kommune
  • Oppdatert 11.10.2023