• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591812
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 30.04.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Lærar ved Skattebøl skule frå 01.08.2022

Offentlig forvaltning

Skattebøl skule søker etter ein leiken og dyktig lærar!

Me søker
Frå 01.08.2022 er det ledig 100 % fast stilling som lærar ved Skattebøl skule. Skattebøl skule er ein 1- 4 skule med 42 elevar. Frå hausten blir skulen fådelt med 3 klassar. Me ligg lengst vest i kommunen, med fleire flotte uteområde som blir nytta i undervisninga til alle årstider. Personalet er innovative og har fokus på tilpassa opplæring. Me søkjer etter ein lærar som er oppteken av den leikbaserte og praksisnære undervisninga. Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til 1. og 2.klasse, og kunnskap om begynneropplæring er eit ynskje.

Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Dei siste åra har det vorte arbeidd med ei stor IKT-satsing, Det er innført iPad til kvar elev og ny teknologi vert vektlagt i undervisninga. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn og trygg måte for å lære, skape og utforske. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til Opplæringslova kap.14 §§ 14-2 og 14-3. Allmennlærarar og barnehagelærarar med undervisningskompetanse vert oppmoda om å søkje.  

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Skulen i Ål nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:

- du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
- du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- du trivst i ein digital kvardag
- du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- du har engasjement for elevar med spesielle behov

Me tilbyr
- arbeidsplass med eit godt og utviklande arbeidsmiljø
- humor og glede i kvardagen saman med gode elevar og kollegaer
- rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
- engasjerte kolleger
- godt samarbeid mellom heim og skule
- hjelp til bustad

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Du må sende elektronisk søknad. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591812
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 30.04.2022