• Bedrift
    Gjemnes kommune
  • Søknadsfrist
    16.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6631, BATNFJORDSØRA
    GJEMNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6073655
  • Se her for andre jobber fra Gjemnes kommune
Ledig stilling

Gjemnes kommune

Lærar til Angvik skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på laget? 

Gjemnes kommune ligg på Nordmøre, sentralt plassert midt mellom byane Kristiansund og Molde i Møre og Romsdal fylke. Gjemnes har omlag 2600 innbyggjarar og eit areal på omlag 381 km2. Kommunesenteret ligg på Batnfjordsøra.

Kommunen ligg i naturskjøne omgjevnader med rike moglegheiter for friluftsliv til alle årstider.

Vi har eit godt og triveleg arbeidsmiljø, der verdibasert leiing bygd på lagånd, ansvarleggjering, lojalitet og brukarfokus ligg til grunn for verksemda.

Angvik skule er ein fådelt barneskule som ligg sentralt i Angvik. Skulen har omlag 40 elevar og 11 tilsette som saman jobbar for å skape eit godt læringsmiljø. Elevane kjem frå ulike bygder i indre Gjemnes som Flemma, Fagerlia, Osmarka og Angvik. Skulen vart renovert i 2016 og 2024.

Visjonen for oppvekst i Gjemnes kommune er: «Vi lar flammen brenne!» Vi ønskjer å gje elevane eit godt sjølvbilde, tryggleik i samhandling med andre og lyst til vidare utdanningsløp. Vi er ein del av Oppvekstnettverk Nordmøre der vi deltek aktivt i læringsløypa språk og skriv i perioden 2025-2027. Opplæringsmålet ved skulen er nynorsk. 

Vi har ledig 2 faste stillingar i 100 % som lærar frå 1.8.2025 med atterhald om endringar.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning


Kvalifikasjonskrav for stillinga: 

  • Lærar som har godkjent lærarutdanning etter opplæringslova § 17-3.

Ønskeleg kompetanse:

  • Kompetanse i matematikk og engelsk på mellomtrinnet
  • Andre søkjarar med relevant utdanning som til dømes førskulelærar og spesialpedagogisk bakgrunn kan vurderast.


Personlege eigenskapar:

  • Du har eit positivt elevsyn og evne til å etablere og halde på, relasjonar til elevane
  • Du er inkluderande, tydeleg og omsorgsfull, og har god klasseleiing
  • Du er utviklingsorientert, fleksibel og endringsvillig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er engasjert og motivert
  • Du har gode digitale ferdigheiter og evne til å sette deg inn i ny teknologi i undervisninga
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Ein spannande og variert arbeidskvardag med dyktige medarbeidarar
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter gjeldande regelverk
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Søknad:

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle befolkninga.  Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda om du har behov for det.

Etter søknadsfristens utløp, vil det bli satt opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan bli gjort unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar om vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.

Busette i Gjemnes kommune får nedskriving på studielånet frå og med januar 2026.

Det er krav om godkjent politiattest for stillinga.

Velkomen som søkar hos Angvik skule!

 

  • Bedrift
    Gjemnes kommune
  • Søknadsfrist
    16.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6631, BATNFJORDSØRA
    GJEMNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6073655
  • Se her for andre jobber fra Gjemnes kommune