• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4954200
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Lærar/spesialpedagog - 100% fast og 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Stilling

Ved Knarvik ungdomsskule er det frå 01.03.21 ledig ein 100% stilling som spesialpedagog/lærar. Frå same tid er det ledig ytterlegare eit vikariat i 100% stilling som lærar. Vikariatet varar i utgangspunktet fram til sommarferien, men kan bli forlenga.

Avdeling

Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har kring 360 elevar og 50 tilsette og er den største ungdomsskulen i Alver kommune. Vår visjon er meistring gjennom læring, fellesskap og glede. Vi har høgt fokus på å både nytte og utvikle kvar einskild elev og lærar sine gode sider. Skulen er ein MOT skule.

 

Arbeidsoppgåver

 Til stillinga som spesialpedagog/lærar ligg primært undervisning og oppfølging av elevar med samansette utfordringar, i tillegg til fagleg støtte av assistentar og lærarar.

Til stillinga som lærar ligg primært undervisning i matematikk, naturfag, kroppsøving, arbeidslivsfag og kunst og handverk. Det er i tillegg knytt kontaktlæraransvar til stillinga.

 

Kompetansekrav

Søkjar må ha relevant pedagogisk utdanning og møte kompetansekrava til undervisning i ungdomsskulen: Minimum 60 st. poeng i matematikk, norsk og engelsk og 30 st. poeng i dei andre faga. For å jobbe i skulen må ein kunne framvise politiattest av nyare dato.

 

Ønskt kompetanse

Vi ønskjer tilsette som brenn for faga sine, er oppriktig engasjert i elevane og som er bevisst si rolle som vaksen og som forbilde.

Dei som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, være løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne.

 

Vi tilbyr

Ein dynamisk arbeidsplass med dyktige og rause medarbeidarar, og flott og ivrig ungdom.

Løn etter avtaleverket.

Politiattest

 Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4954200
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.01.2023