Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Lærar på Hemsedal barne- og ungdomsskule

Offentlig forvaltning

Vi søkjer:
150-200% lærarar til Hemsedal barne- og ungdomsskule 5.-10. trinn. Vi treng pedagogar med 30-60 studiepoeng i basisfaga engelsk, norsk og matematikk, men fleire fag og fagkombinasjonar er aktuelle. Ein av disse stillingane har kontaktlærarfunksjon. Stillingane er i fyrste rekke årsvikariat, men det kan bli aktuelt at dei blir gjort om til faste stillingar. 

Vil du bli med på laget?
På Hemsedal barne- og ungdomsskule har vi eit meget godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, godt humør og etablert delingskultur. 
Utlysinga gjeld også eventuelle andre undervisningsvikariat som kan bli ledige på HBU. 

Skulane i Hemsedal:
I Hemsedal er det eit godt utvikla tverretatleg samarbeid, og skulane ligg fint til med mykje fin natur rundt. Hemsedal barne- og ungdomsskule (5.-10. trinn) har 205 elevar. Tuv skule (1.-4. trinn) har 42 elevar og Ulsåk skule (1.-4. trinn) har 68 elevar. 

Utviklingsarbeid: Alle grunnskulane har vore med i prosjektet Felles Løft i regi av Statped Sørøst der vi har hatt fokus på heilskapleg språk- og leseopplæring samt ordmeistringsmetoden. Dette arbeidet står fortsatt i fokus heilt til alle er trygge på praksis. Fag og fagfornying står sentralt i utviklingsarbeidet. Vi arbeider for eit godt og trygt skulemiljø og har vore med i inkluderende barnehage og skolemiljø i 2 runder, eit prosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. Vi har vore med i eit spennande samarbeid med Veilederkorpset som hjalp oss på ulike nivå etter våre ynskjer og behov. Alle barneskulene våre er Trivselsskular. Vi er i gang med utbygging på Hemsedal barne- og ungdomsskule der vi innan 2023 har bygd på skulen til 1.-10. trinn. Vi ønskjer oss lærarar som i samarbeid med kollegaer og leiing vil ta del i vidareutvikling av skulane.

Kvalifikasjonar:
Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3. Oppgi i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i. Det er for denne stillinga aktuelt med fleire fag. Ta kontakt for ein prat. 

Vi søkjer etter deg som:

  • har evne til å inspirere og vise omsorg
  • er tydeleg på klasseleiing og vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
  • vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • har engasjement for elevar med spesielle behov
  • har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
  • er nysgjerrig, skapande og tar ansvar 

Skulen kan tilby:

  • fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
  • eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
  • Skooler som læringsplattform
  • god oppfølging og rettleiing av nye tilsette
  • kompetanseheving 

Elektronisk søknadsprosess
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastast opp og blir då ein del av søknaden.

Kontaktperson
Ellen Wang Fredriksen, rektor, mobil 93090077, ellen.wang.fredriksen@hemsedal.kommune.no