• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    15.06.2025
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5975968
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
Vacancy

Aukra kommune

Lærar, miljørettleiar, assistent og barne- og ungdomsarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du interessert i å vere vikar i Aukraskolen?

 

Skolane i Aukra kommune har jamt behov for vikarar. Kan det vere noko for deg?

Vi har både behov for lærarvikarar og personar som heller kan tenke seg å vere vikar for miljørettleiar i skole eller SFO. Du kan vere den som har formell utdanningsbakgrunn som gjer deg aktuell for å jobbe i skolen, du kan vere ein med erfaring frå å jobbe med barn og unge i eller utanfor skolen, eller du kan vere studenten som tenkjer at det å jobbe i skolen høyrast spanande ut. Du bestemmer sjølv kor mykje du kan eller vil jobbe. 

På skolane i Aukra kommune vil du bli tatt godt imot av elevar, tilsette og leiing, og du vil kome til ein hektisk og interessant jobbkvardag.

Dersom du har rett bakgrunn, vil du ut frå eige ønske bli sett på vikarpoollista til ein eller begge skolar. Alle som søkjer vil få tilbakemelding. 

Vi ønsker at du melder deg til teneste så snart som råd, men moglegheiten for å søke vil ligge open heile skoleåret.

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.

Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad". Du veljer den skolen du vil søke deg til, evt. om du er aktuell for begge skolane, skriv gjerne det i søknaden til den eine (du treng ikkje sende søknad på kvar av skolane).

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    15.06.2025
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5975968
  • Look here for other jobs from Aukra kommune