• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4152956
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Lærar med spesialpedagogikk - 50% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stilling 

Ved Grasdal skule er det ledig vikariat i 50% stilling som lærar med spesialpedagogikk i skuleåret 2021/2022. Vikariatet er ledig frå 01.11.21-31.12.2021. Det kan bli aktuelt med forlenga avtale. 

Om Grasdal skule

Skulen vår ligg fint til med natur- og skogsområder i Austebygd på Holsnøy, Alver kommune. Det er ca 5 min kjøretid frå Flatøy eller Frekhaug. Skulen har 145 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Det er for tida 32 tilsette ved skulen. 

Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg oppfølging og undervisning på 1.-4.trinn av elevar med særskilde behov, samt rettleiing av pedagogiske medarbeidarar. Dersom søkjer har kompetanse utover dette, som skulen treng, kan stillinga bli sett høgare.

Kompetanse

Søkjar må ha relevant pedagogisk utdanning og tilfredsstille kompetansekrava til undervisning på 1.-4.trinn i barneskulen.

Ønskt kompetanse
Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring frå opplæring av elevar med særskilde behov. Den som vert tilsett må kunne vise sjølvstende og ha gode samarbeidsevne. Vi har eit team av ulike profesjonar som jobbar rundt elevane. 

Personlege eigenskapar

Den som vert tilsett må kunne vise sjølvstende og ha gode samarbeidsevne. Vi har eit team av ulike profesjonar som jobbar rundt elevane. 

Vi tilbyr

 Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.

Eit godt arbeidsmiljø, gode arbeidsforhold og engasjert personale

Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.

Politiattest

Denne stillinga krev tilfredsstillande politiattest jf. opplæringslova. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4152956
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 13.10.2021