• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5749995
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 24.05.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Lærar for velkomstklasse

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndalsskulen er i vekst og får fleire elevar med fleirspråkleg bakgrunn. Me skal starte opp velkomstklasse for elevar som skal lære seg norsk. Her får elevane ei intensiv norskopplæring nokre dagar i veka, medan dei i den resterande tida får opplæringa i klassane sine på heimskulen. Som lærar i velkomstklassen vil arbeidsforholdet ditt vere knytt til ein av skulane i Sogndal og størstedelen av undervisinga vil vere knytt til velkomstklassen. 

 

Det vil frå hausten 2024 bli ledig fylgjande:

  • Inntil 300% fast stilling, der delar av stillingane er knytt til arbeid med minoritetsspråklege i velkomstklasse.

 

Arbeidsoppgåver:

Som lærar har du ein variert arbeidskvardag, som mellom anna inneber:

  • Arbeide i team med fokus på å gjere minoritetsspråkopplæringa så god som mogleg.
  • Vere pådrivar i oppstarten av velkomstklasse og minoritetsspråkopplæringa i Sogndal.
  • Planlegge og leie elevane si læring, individuelt og i team.
  • Tett samarbeid med dei andre skulane i Sogndal, samt andre hjelpeinstansar.
  • Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap.
  • Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid med elevane sin heim.
  • Kontaktlærarrolle eller administrativt arbeid knytt til velkomstklassen kan bli aktuelt.

 

Kvalifikasjonar:

-       Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen, samt eit ynskje om gode digitale ferdigheiter.

-       Me har særleg behov for deg som har kompetanse innanfor nokre av desse områda:

  • Norsk for minoritetsspråklege
  • Andrespråkspedagogikk
  • Spesialpedagogikk

-       Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.

-       Personlege eigenskapar vil vektleggast.

 

Personlege eigenskapar:

Som lærar i Sogndalsskulen ser me etter deg som har:

  • Motivert for å arbeide med minoritetsspråklege elevar.
  • Eit engasjement i jobben og ei evne til å skape motivasjon hjå elevane.
  • Undervising som set eleven i sentrum gjennom praktisk, relevant, utfordrande  og varierte undervisingsformer. 
  • Evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer. 
  • Empati, gode mellommenneskelege eigenskapar, og ei evne til å sjå heile eleven. 
  • Høgt profesjonsmedvit.
  • Evne til samskaping og til å ta initiativ i profesjonsfellesskapet.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta fagleg funderte avgjersler.
  • God kjennskap til LK20 og som driv undervising og vurderingsarbeid i tråd med denne. 

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5749995
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 24.05.2024