• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    03.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4230258
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 19.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærar fast stilling 100 %

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 340 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert midt på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling. 

Stillinga er ledig frå 01.01.22

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Ansvar for uteskule

 Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning 
  • Gode samarbeidsevner
  • At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
  • Ønskeleg med fag som kroppøving og friluftsliv
  • Erfaring med å drive undervisning for å ivareta tverrfaglege temaer som folkehelse, livsmeistring og bærekraftig utvikling
  • Ønskeleg med båtførarbevis

 Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    03.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4230258
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 19.11.2021