• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5972742
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 100% mellombels stilling som lærar frå 01.01.24 - 31.07.24

Dette kan bli forlenga.

 

Leikanger barneskule er ein 1 – 7 skule der me for tida har 207 elevar fordelt på 11 klassar, inkludert ein mottaksklasse. Totalt har me 34 tilsette på skule og SFO.

Leikanger barneskule ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. Naturen kring skulen er ein ressurs me prøver å nytta både i skuletida og i Bjørnehiet, skulefritidsordninga vår. Me har to skulebygg der det eine vart bygd tidleg på 80 - talet medan det andre bygget stod ferdig på 90 – talet.

Av viktig arbeid ved skulen vil me nemne; fagfornyinga, klasseleiing, BTI – betre tverrfagleg innsats, vurdering, utviklingsprosjektet leseglede. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga er i utgangspunktet jobb i ein mottaksklasse.

Me har fått asylmottak på Leikanger. Elevtalet kan variere her, så ein må berekne at ein må gå inn i andre klassar i periodar.

Me ynskjer ein lærar som er fleksibel, kan jobbe både sjølvstendig og i team. Må kommunisere både skriftleg og munnleg, vere positiv og skape tillit. Må ha god kjennskap til IKT.

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant pedagogisk utdanning frå universitet eller høgskule i samsvar med krav i Opplæringslova og erfaring frå skuleslaget, med gode IKT – kunnskapar.

 

Personlege eigenskapar:

  • Me ynskjer tilsette som er tydelege og trygge leiarar for elevane våre og har evne til å skape gode relasjonar, både med elevane, foreldra og kollegiet. Du må ha evne til å sjå enkelteleven i gruppefellesskapet.  

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter avtaleverket

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.12.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5972742
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune