• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573081
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kvåle skule er ein 6-10 skule, plassert ved Kvåle stadion tett ved Fosshaugane Campus. Med nærare 380 elevar og eit personale på kring 50 tilsette er Kvåle skule ein av dei største skulane i Sogn.

Frå hausten 2024 har me desse ledige lærarstillingane:

  • 2x 100% fast stilling
  • 2x 100% årsvikariat 
  • 1x 100% halvårsvikariat med moglegheit for forlenging
  • 1x 80% årsvikariat

Eventuelt andre ledige stillingar som skulle bli tilgjengeleg.

 

Arbeidsoppgåver:

Som lærar på Kvåle skule har du ein variert arbeidskvardag, som mellom anna inneber:

  • Planlegge og leie elevane si læring, individuelt og i team.
  • Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap.
  • Sette skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid ut i praksis.
  • Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid med elevane sin heim.
  • Rolle som kontaktlærar og/eller øvingslærar kan bli aktuelt.

 

Kvalifikasjonar:

  • Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen,  samt eit ynskje om gode digitale ferdigheiter.
  • Me har særleg behov for deg som har undervisingskompetanse i ein eller fleire av desse faga:
  • Engelsk
  • Naturfag
  • Matematikk
  • Musikk
  • Tysk

 

  • Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
  • I tillegg til relevant fagkombinasjon vil personlege eigenskapar vektleggast.

 

Personlege eigenskapar:

Som lærar på Kvåle skule ser me etter deg som har:

  • god kjennskap til LK20 og som driv undervising og vurderingsarbeid i tråd med denne.
  • undervising som set eleven i sentrum gjennom praktisk, relevant, utfordrande  og varierte undervisingsformer. 
  • evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer. 
  • empati, gode mellommenneskelege eigenskapar, og ei evne til å sjå heile eleven. 
  • høgt profesjonsmedvit.
  • eit engasjement i jobben og ei evne til å skape motivasjon hjå elevane.
  • evne til samskaping og til å ta initiativ i profesjonsfellesskapet.
  • evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta fagleg funderte avgjersler.

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit fagleg sterkt og framoverlent kollegium
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter avtaleverket. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573081
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.02.2024