• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573075
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Leikanger ungdomsskule er ein ungdomsskule med ein til to parallellar på 8. – 10.trinn. Skulen ligg fint til ved Sognefjorden på Leikanger, og har ei bygningsmasse frå 1967. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i og ved fjorden.

På skulen har me pedagogisk entreprenørskap som ein del av vår arbeidsmåte, der samarbeid med lokalsamfunnet vert vektlagt gjennom partnarskapsavtalar med ulike arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar. Skulen har i dei 4 siste åra vore ein av to lærarutdanningsskular i vår region, og me har hatt studentar i praksis i svært mange år. Difor har me tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. 

Satsingsområda våre i inneverande skuleår er vurdering og inkluderande praksis. For tida har me 91 elevar på skulen, og me vektlegg at alle skal møtast med respekt og med ei positiv haldning som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane, og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette. I kollegiet er me om lag 20 tilsette som trivst godt i lag. Me har fleire sosiale aktivitetar i løpet av året, i tillegg har dei tilsette tilbod om volleyballtrening ein gong i veka.

 

Frå neste skuleår har me ledig 100 % fast stilling som lærar. 

 

Kvalifikasjonar:

Me søkjer ein relasjonssterk, utviklingsorientert og inkluderande lærar med godt humør,  som har undervisningskompetanse for ungdomsskule. Har du i tillegg naturfag, musikk eller tysk i fagkombinasjonen din, er dette kompetanse skulen treng. Erfaring med framandspråklege elevar er ein styrke. Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vera ein trygg og tydeleg klasseleiar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 
  • Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.  

  

Personlege eigenskapar:

  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk  med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.  
  • Har evne til å laga system og arbeida strukturert, tydeleg og målretta 
  • Har god samarbeidsevne 
  • Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar 
  • Kan arbeida effektivt, nøyaktig og sjølvstendig 
  • Har evne til å spreia motivasjon, humor og arbeidsglede 
  • Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til  å handtere nye utfordringar 

 

På Leikanger ungsdomsskule kan me tilby: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk 
  • Arbeidstida følgjer skuleruta og planleggingsdagane for dei tilsette som er sett for kommunen

 

Utlysinga gjeld og for andre lærarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2024-2025.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    25.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5573075
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2024