• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    12.06.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5210117
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 27.05.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Aukra kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer 1-2 medarbeidarar som brenn for å skape ein god læringskultur og som vil vere med å utgjere ein forskjell for barna våre med norsk som andrespråk.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i norsk som andrespråk for barn i grunnskulen.

Kvalifikasjonar

• Godkjent fagleg og pedagogisk utdanning i samsvar med opplæringslova

• Undervisningskompetanse i norsk som andrespråk

• Undervisningserfaring i norsk som andrespråk er ein fordel

Utdanningsnivå

Høyskole/Universitet, Diplom/Bachelorgrad

Personlege eigenskapar

• Du er ein tydeleg og aktiv klasseleiar
• Du har eit varmt og positivt menneskesyn
• Du har fagleg engasjement og er målretta
• Du er ein trygg relasjonsbyggjar og har gode samarbeidsevner
• Du bruker vurdering for læring aktivt i undervisninga
• Du har kompetanse i varierte arbeidsformer og tilpassa opplæring
• Du har høg digital kompetanse og bruker dataverktøy aktivt i opplæringa
• Du er fleksibel og løysingsorientert
• personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr:

  • Fast 100% stilling
  • Eit spennande og utviklande arbeidsfelt
  • Eit triveleg og variert arbeidsmiljø
  • Moglegheit for opplæring og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff.
  • Flyttegodtgjersle

Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne.

Skolen er utviklingsorientert og har delteke i mange nasjonale satsingar.

Vi arbeider no i eit prosjekt saman med Skrivesenteret og NTNU, og har saman med kommmunepsykolog fokus på tilknytingspsykologi.

Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.

  

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar og behovet til skolen. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer elles i samsvar med gjeldande regelverk. Som tilsett i Aukra kommune må du kunna identifisere deg med våre verdiar; attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede.

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

Kontaktperson: Heidi Falkhytten, tlf. 995 32 262

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    12.06.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5210117
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
  • Uppdaterad 27.05.2023