• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6035, FISKARSTRAND
    SULA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617862
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
  • Oppdatert 12.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sula kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hausten 2022 opnar vi Rørstadmarka skule. Vi har i fleire år vore i prosessar der samanslåing av Måseide og Fiskarstrand har gitt oss ein ny og framtidsretta skule.

Rørstadmarka skule vil ved oppstart ha vel 225 elevar fordelt på 13 klassar frå 1.-7.trinn. Skulen har hatt fokus på fleksibilitet og nytenking i måten den har blitt utforma på og har ei unik plassering tett på naturen, noko som gir rom for ulike læringsaktivitetar. 

Rørstadmarka skule har frå 01-08.2022 inntil 160 % ledig stilling, fast og vikariat.   

Kvalifikasjoner:

Vi søkjer lærar med grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Det er ønskjeleg med kompetanse i begynneropplæringa og med minimum 30 std i to av tre basisfag (norsk, matematikk og engelsk). Andre fagkombinasjonar kan også bli vurdert.

Du må ha god digital kompetanse då elevar og lærarar har kvar sin eigen iPad og mykje av  arbeidet og kommunikasjonen foregår på dette.

Vi søkjer deg som arbeider systematisk med relasjonsbygging og læringsmiljø og som forstår samanhengen mellom det og god læring.  

Du må kunne legge fram godkjent politiattest. 

Personlige egenskaper:

Vi søkjer ein lærar som har god forståing for fagfornyinga LK20 og som kan bruke dette i planlegging, gjennomføring og evaluering av læring. Vidare søkjer vi lærar som har gode samarbeidsevner og som bidreg til at elevar og kollegaer lærar gjennom godt teamsamarbeid. Vi ser etter deg som kan byggje gode relasjonar med barn og vaksne og som utøver god klasseleiing. 

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.

Vi tilbyr:

Løn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk. Vi kan tilby ein interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte oppgåver. I tillegg får du høve til å jobbe i lag med engasjerte tilsette i eit godt og inkluderande miljø.
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6035, FISKARSTRAND
    SULA
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4617862
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
  • Oppdatert 12.05.2022