• Company
    Gulen kommune
  • Application deadline
    05.12.2021
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4240087
  • Look here for other jobs from Gulen kommune
  • Updated 26.11.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Gulen kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skulen ved Eivindvik barnehage og skule har mellom 80 og 90 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.Eivindvik.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv.

Gulen kommune har ledig inntil 100% mellombels stilling som lærar frå 03.01.22. 

 

Skulane i Gulen har: 

  • Gode læringsresultat
  • Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar

Kvalifikasjonskrav:

Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning aleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hos søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Det kan vere aktuelt med undervisining i fleire ulike fag, men dei mest aktuelle faga kan vere: 

  • Spesialpedagogikk
  • Norsk som andrespråk 
  • Naturfag
  • Musikk

 Andre undervisningsfag er også aktuelle. Noko av den ledige stillingressursen er knytt til undervisning på ungdomstrinnet, og noko er knytt til barnetrinnet. 

 

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Company
    Gulen kommune
  • Application deadline
    05.12.2021
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4240087
  • Look here for other jobs from Gulen kommune
  • Updated 26.11.2021