Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
23.06.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3931150Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 15.06.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Gulen kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skulen ved Eivindvik barnehage og skule har mellom 80 og 90 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.Eivindvik.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv.
Gulen kommune har ledig 60% stilling som lærar i tida 01.08.21 - 31.07.22.
Skulane i Gulen har:
- Gode læringsresultat
- Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar
Kvalifikasjonskrav:
Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning aleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hos søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisningskompetanse.
Aktuelle arbeidsoppgåver i denne stillinga er grunnskule for vaksne og særskild opplæring på ungdomstrinnet, der undervisningfag kan vere mellom anna engelsk, matte og norsk. Det kan også vere aktuelt med undervisning i ordinær grunnskule dersom søkjar har kompetanse i andre undervisningsfag.
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
23.06.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3931150Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 15.06.2021