Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
27.06.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3930438Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 15.06.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skulen ved Brekke barnehage og skule har 60 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv. Gulen kommune har ledig vikariat på 60% som lærar i tida 01.08.21-31.07.22.
Skulane i Gulen har:
- Gode læringsresultat
- Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar
Arbeidsoppgåver
Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning aleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hos søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisningskompetanse, der aktulle undervisiningsfag for tida er mellom anna:
- Begynnnaropplæring norsk
- Begynnaropplæring i matematikk
- Kroppsøving
- Naturfag
Undervisning vil i hovudsak skje på barnetrinnet
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er fleksibel, reflektert, kreativ og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
27.06.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3930438Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 15.06.2021