Company
Gulen kommuneApplication deadline
15.10.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5197531Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 15.09.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gulen kommune
Lærar, 100% vikarstilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Brekke barnehage og skule har frå snarast til 31.12.2023 ledig 100% vikarstilling som lærar ved skulen.
Brekke barnehage og skule er ei samla eining med barnehage, skule og SFO. Skulen er lokalisert på Brekke i Gulen, og ligg tett ved fjell og fjord. Me har gode lokaler med god plass til elevane, godt utstyrte spesialrom og gode kontorløysingar til dei tilsette. Me har eit stort uteareal, og idrettsbane i nærleiken. Me er ein fådelt skule 1-10. Skulen har 50 elevar og 25 barn i barnehagen. Det er 10 lærarar og 3 fagarbeidarar ved skulen.
Eininga har læring, helse og trivsel som visjon. Me er opptatt av gode læringssituasjonar, gode relasjonar i klasserommet og på personalrommet, og ikkje minst ein aktiv kvardag med fysisk aktivitet og aktive læringsprosessar. Me har eit tett samarbeid med barnehagen.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Brekke barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Det vil verte undervisning i ulike klassar og ulike steg. Undervisning innan spesialpedagogikk vil det verte lagt ekstra vekt på i dette vikariatet.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT-kunnskapar
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Company
Gulen kommuneApplication deadline
15.10.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5197531Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 15.09.2023