• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4856979
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 07.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Lærar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Manger skule har frå 01.01.2023 ledig 100% fast stilling som lærar.

Om Manger skule
Skulen ligg sentralt på Manger, eit av kommunesentera i Alver kommune. Det er ca. 25. min frå Knarvik.

Skulen har eit aukande elevtal, per i dag 185 elevar.

Dei siste åra har skulen arbeida med å byggja størrekompetanse for å utvikla eit trygt og godt skulemiljø for elevane. Dette har ein gjort blant anna gjennomdeltaking i den nasjonale satsinga «inkluderande barnehage- og skulemiljø.» Dette arbeidet vil halda fram isamarbeid med dei andre skulane i Alver.
Auka lese- og språkkompetanse hjå elevane har og vore eit av satsingsområda til skulen.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er undervisning på 1.-7. trinn.
Skulen treng lærar som kan undervisa i alle fag, men det er særskilt ønskje om kompetanse i engelsk og kroppsøving.

Kompetanse

Godkjent utdanning samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing på 1.-7. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.

Ønskt kompetanse
 Vi søkjer lærarar som:

  • Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
  • Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
  • Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
  • Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
  • Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar
  • Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet  og elevmedverknad
  • Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte

Alver kommune har nynorsk som målform.

Me tilbyr

Løn – og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Utfordrande og spennande stilling på ein skule med stort fokus på inkludering av både elevar og tilsette.
God støtte frå profesjonsfellesskapet ved skulen og høgt fokus på utvikling av ny kunnskap i organisasjonen. 

Politiattest

 Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltreding. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4856979
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 07.11.2022