• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    20.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5972776
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Lad opp elektrolaget vårt med din leiarskap!

Ferger

Vil du bli vår nye leiar for elektroeininga?
Fjord1 er ein leiande aktør innan miljøvennleg transport, og vi jobbar kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse og modernisere fartøyporteføljen vår. Vi skal vere best på framtidsretta og berekraftige løysingar.

For å styrke vår satsing på elektroområdet, samlar vi no alle elektroressursane våre under ei felles eining. Til denne spanande nyoppretta leiarstillinga søkjer vi ein motivert og fagleg sterk person som vil bidra til å vidareutvikle Fjord1 sitt elektroarbeid.

Som leiar for elektroeininga vil du få ei nøkkelrolle i å sikre solid fagkompetanse innan elektro og bidra til å auke kompetansen på tvers av selskapet. Eininga vert del av avdelinga Teknisk driftsstøtte, som i dag har 8 dyktige kollegaer innan fagområda elektro og automasjon, el-kraft, skipsteknikk og vedlikehald.

Avdelinga er organisert under divisjonen Teknologi og Prosjekt (T&P), som og inkluderer områda teknologi og utvikling, nybygg og anbod. Totalt har T&P om lag 20 dedikerte medarbeidarar som samarbeider tett for å levere gode resultat. Våre medarbeidarundersøkingar viser høg trivsel og eit godt arbeidsmiljø – både sosialt og fagleg.

Du vil få ansvar for å vidareutvikle og styrke elektrofaget i Fjord1, samstundes som du skapar eit godt arbeidsmiljø som motiverer og inspirerer teamet ditt. Du vil få ei viktig rolle som bindeledd mellom leiinga, tekniske avdelingar og eksterne aktørar, og må evne å ta tydelege avgjersle, prioritere effektivt og sikre framdrift i arbeidet.

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter ein leiar som har høgare utdanning innan relevante fagfelt, som elektro eller automasjon, og solid forståing for fagområda. Du trivst med ein variert arbeidskvardag og har evne til å tilpasse deg endringar i prioriteringar etter behov. Du har erfaring med å koordinere og leie ulike aktørar, og du evnar å bygge tillit, inspirere og motivere både teamet ditt og samarbeidspartnarar.

Vi legg vekt på at du er sjølvstendig, strukturert og har gode kommunikasjonsevner. I tillegg handterer du godt å ha fleire oppgåver på ein gong, og du evnar å balansere detaljar og heilskap. Erfaring frå prosjektleiing og utviklingsarbeid innan elektro eller automasjon er ein fordel.

Vi tilbyr:

Som leiar i Fjord1 får du ei spanande moglegheit til å påverke utviklinga av ei nyoppretta eining og bidra til framtidsretta, berekraftige løysingar. Du vil få ein variert arbeidskvardag i eit selskap med høg trivsel og tett samarbeid mellom dyktige kollegaer.

Vi tilbyr konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar, samt fleksible arbeidsordningar som gir deg moglegheit til å tilpasse jobben til ditt liv. I Fjord1 får du ein inspirerande arbeidsplass der du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Vi legg og vekt på å ha gode velferdsordningar for våre ansatte, som f.eks bedriftshytter. 

Våre kontorlokale i Florø er topp moderne og sentralt plassert, og gir deg eit godt arbeidsmiljø med korte avstandar til både sjø og fjell. 

 

Vil du vere med på laget og forme framtida for Fjord1? Vi ser fram til å høyre frå deg – søk no!

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    20.12.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5972776
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA