Kvam Kyrkjelege Fellesråd

Vil du verta kyrkjeverje i vakre Hardanger?

Kyrkjeverje

Foreninger og forbund - Religion og livssyn

Kvam herad femner om eit vakkert landskap frå Hardangerfjorden til Kvamskogen. Heradet har om lag 8500 innbyggjarar, og omlag 80 % er medlemer i DNK. Informasjon om geografi, kultur, næringsliv og heradet i det heile finn ein på www.kvam.no/velkomen-til-kvam/

 

Me har ledig stilling som Kyrkjeverje i 100% fast stilling frå 1. april 2027.

Kyrkjeverja sine oppgåver

  • Dagleg leiar for verksemda til fellesrådet i samsvar med gjeldande kyrkjeleg regelverk, planar, budsjett og vedtak, med ansvar for 5 kyrkjer og 6 kyrkjegardar
  • Ivareta fellesrådet sine oppgåver som gravplassmynde i Kvam, med dagleg bruk av ulike digitale fagprogram.
  • Leiing og administrasjon, saksførebuing for fellesrådet og oppfølging og iverksetjing av vedtak.
  • Personal- og arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i fellesrådet, med ansvar for arbeidsmiljø og HMT.
  • Ansvar for budsjett, økonomistyring og rapportering, og overordna ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av kyrkjer, gravplassar og andre eigedomar.
  • Strategi-, plan- og utviklingsarbeid, og fremja godt samarbeid mellom prost og fellesråd, sokneråd, prestetenesta, Kvam herad og andre kyrkjelege og offentlege samarbeidspartar.

Me ynskjer kyrkjeverje/dagleg leiar med

  • Relevant universitets/høgskuleutdanning, eller anna relevant utdanning og realkompetanse for stillinga.
  • Erfaring frå leiing, forvaltning, økonomistyring og sakshandsaming.
  • Kjennskap til organisering og regelverk innan Den norske kyrkja.
  • Gode evner til strategisk planlegging og leiing, tydeleg kommunikasjon, relasjonsbygging, motivering og inspirasjon av medarbeidarar.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å møta menneske i ulike livssituasjonar på empatisk vis
  • Engasjement for trussamfunnet Den norske kyrkja sitt samfunnsoppdrag og for utvikling av kyrkja.
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert, samarbeida godt og skapa tillit.
  • Utviklings- og løysingsorientert

Anna

  • Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja, og lojal mot kyrkja si vedkjenning.
  • Gyldig politiattest må leggjast fram.
  • Det skal gjevast opp namn på to referansar.

Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste, men søknad om unntak vil bli vurdert. Løn etter avtale, og pensjonsordning i KLP.

Den tilsette må disponera eigen bil, og får dekka tenestekøyring etter offentleg regulativ. Kvam kyrkjelege fellesråd nyttar nynorsk målform.

Søknad med CV vert å senda til

Kvam kyrkjelege fellesråd, Postboks 39, 5601 Norheimsund

Søknad kan også sendast på epost til OL485@kyrkja.no innan søknadsfrist 30.okt 2026.

Me tilbyr

  • Kontor i Norheimsund kyrkje
  • Triveleg kontorfellesskap med sokneprest, prest under utdanning, kateket, trusopplærarar, 2 kantorar og sakshandsamar.
  • 10 motiverte medarbeidarar i staben fordelt på 8,3 årsverk, og mange frivillige medarbeidarar i dei 4 sokna: Ålvik, Øystese, Vikøy og Strandebarm. På vårt kontor arbeider me etter våre kjerneord: Tryggleik, tillit og tolmod.
  • Høve til arbeidsvegleiing, ABV, på bispedømekontoret