Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Kulturskulelærarar - Slagverk , fele og piano m.m.

Offentlig forvaltning

Velkommen som søkjar til "VERDENS BESTE" jobb! Som kulturskulelærar får du vere med på å gje komande genrasjonar sin eigen kulturelle identitet. Vestnes Kulturskule er ein aktiv kulturskule som arbeider aktivt etter mottoet «Kulturskule for alle». I tillegg til tradisjonell kjærneverksemd har Vestnes Kulturskule lang tradisjon for å tilby tenester til alle aldersgrupper i kommunen. Vi driv eit omfattande samarbeid med korpsa i kommunen, institusjonar for eldre, barnehagar og skular. Vi har eit variert tilbod innan både breidde, kjærne og fordjupingsprogrammet. I skuleåret 2022-23 har vi vel 400 elevplassar.

Vestnes Kulturskule har eit aktivt kollegium med fleire samarbeidsprosjekt gjennom året. Vi har felles arbeidstid på kulturskulen ein dag pr, veke, P.t er fellestida lagt til tysdagar. Vi forventar at dei som vert tilsett vil gå inn som ein aktiv medspelar i profesjonsfellesskapet ved skulen.

Stillingstype

Frå 1.8.2023 har vi ledig inntil 200% stilling med minimum følgjande fag:  

  • slagverk: inntil ca.30%
  • fiolin/folkemusikk fele: inntil ca.50%
  • piano: inntil ca. 20%

I Felestillinga inngår musikalsk leiing av spelmannslaget Dåm og Drag.

I tillegg til stillingsdelane ovanfor ynskjer vi å styrke kompetansen på eksisterande fagfelt, eller starte opp tilbod vi ikkje har i dag. Det kan også vere aktuelt å samarbeide med andre einingar i kommunen for å kunne bygge stillingar opp mot 100% Tilsettingar ut over det som er spesifisert ovanfor føreset difor at søkjarane har tilleggskompetanse vi kan nyttiggjere oss i kommunen. Ved tilsettingar ut over det som er spesifisert ovanfor kan det vere aktuelt å definere delar av stillingsstørrelsen som mellombels prosjektstilling.

Stillingsinnhald og balanse mellom ulike fag/stillingsdelar kan endre seg over tid. 

Stillingane kan kombinerast. Eventuelle interne søkjarar vil kunne kombinere desse stillingsdelane med eksisterande stillingar. For delar av dei utlyste stillingane kan det vere aktuelt om den som vert tilsett kan starte i løpet av våren 2023. For aktuelle søkjarar kan det vere mogleg å kombinere desse stillingane med liknande stillingar i grunnskulen eller i nabokomuner. Vestnes Kulturskule har aktivt samarbeid med fleire av korpsa i kommunen. Direksjon/opplæring i eitt eller fleire av korpsa kan gå inn i ei eller begge av stillingane dersom søkjaren er kvalifisert for slikt arbeid. Vestnes Kulturskule har opparbeidd eit nytt og svært innhaldsrikt slagverkrom. Utstyret held høg kvalitet, er relativt nytt og inneheld det meste ein kan ynskje seg av utstyr både til orkestral perkusjon og bandretta slagverk. I slagverkstillinga er det tillagt utstyrsansvar for dette rommet.  

Det kan søkjast på heile eller delar av stillingane. Den som søker må oppgi kva for stillingsdel som er ynskja, og kor stor stilling som samla sett er ynskjeleg. Endringar i forventa tilgang på elevar/søkjarar kan endre stillingsomfanget i dei ulike stillingsdelane.

Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

Det er ynskjeleg, men ikkje noko krav, at dei som vert tilsett har tilleggskompetanse i eitt eller fleire områder der kulturskulen i dag manglar kompetanse/ynskjer å styrke kompetansen.  Dette omfattar m.a. følgjande fag:

  • piano/akkompagnement
  • digital musikkproduksjon
  • band/bandleiing
  • musikkterapi/spesialpedagogisk kompetanse
  • visuelle kunstfag
  • teater
  • film, foto, SoMe, digital kommunikasjon.
  • direksjon, korpsleiing.
  • ulike danseformer
  • evt andre kulturskulerelaterte fag.

Søkjarar vert oppmoda om å opplyse om evtentuell sekundærkompetanse i søknadsteksten.


Arbeidsoppgåver

  • undervisning og rettleiing av elevar, individuelt og i grupper
  • motivere elevane til innsats for eiga læring
  • tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar og frivilleg kulturliv
  • samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
  • rettleie elevar fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar

  • vi søkjer etter personar med høgare utdanning innan musikkfaget.
  • søkjaren bør ha minimum 240stp med hovudvekt innan eitt eller fleire kulturskulefag. Undervisningsfaget du primært søkjer på må inngå i fagkrinsen.
  • vi ynskjer at den som vert tilsett har pedagogisk utdanning. Undervisningskompetanse for grunnskulen vil telje positivt ved tilsetting.
  • brei og variert realkompetanse kan vege opp for formell utdanning
  • personlege eigenskaper i møte med barn og unge vert sterkt vektlagt.
  • engasjert og fagleg dyktig
  • digital kompetanse, generelt og innan fagfeltet.
  • gode kommunikasjonesvner
  • evne og vilje til samarbeid i kollegiet og med samarbeidspartar utanfor skulen
  • den som vert tilsett må ha gyldig førarkort og disponere bil.
  • undervisningsspråket i Vestnes Kulturskule er norsk. Den som vert tilsett må kunne dokumentere eit tilfredsstillande språknivå i eit nordisk språk. (tilsvarande B2)
  • den som vert tilsett må framlegge gyldig politiattest for arbeid i skulen

Personlege eigenskapar

  • genuint opptatt av å realisere visjonen "Kulturskule for alle"
  • er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
  • opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
  • kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • arbeider like gjerne i team med kolleger som åleine
  • kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
  • er løysingsfokusert og utviklingsorientert
  • er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne


Vi tilbyr

  • stor fridom og stort ansvar. Gode muligheiter for faglege utfordringar, åleine og i samarbeid med kollegaer.
  • lønn og rettigheiter etter gjeldande avtaleverk. Gode pensjons og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale.
  • ein arbeidsplass med fokus på utvikling.
  • i alle stillingar ligg det inne tid til samspel og samarbeid med kolleger
  • alle lærarar har felles arbeidstid på kulturskulen.
  • eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
  • Vestnes Kulturskule ynskjer å tilby «familievennlege» arbeidstider der størst mogleg av aktiviteten vert lagt til dagtid. Noko arbeid på kveld/helg må likevel påreknast.
  • ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.


Referansar
Oppgi referansar


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.


Søkjarlista kan bli offentleggjort.