• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    Knarrevik
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Knarrevik
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3960967
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Kulturskulelærar visuell kunst 30% fast - Barne- og ungdomskultur

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kulturskule tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater, visuelle kunstfag, skapande skriving og KulMat. Vi har i dag om lag 450 elevplassar. Kulturskulen tilbyr også undervisning i musikkterapi, tilrettelagt for menneske med særlege behov.


Øygarden kulturskule har eigne lokale på Liljevatnet. Her finner du administrasjonen, øvingsrom og arbeidsplassar for kulturskulelærarane. Hausten 2021 får kulturskulen nye undervisnings-lokale på Liljevatnet.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid (med elevar frå nybegynnar til vidaregåande nivå)
  • Undervisning i visuelle kunstfag (individuell undervisning og gruppeundervisning, både på eige fag; maling og teikning, og bi-fag; foto, kjeramikk og leire, nye medier m.m.)
  • Tilrettelegging for godt samarbeid med føresette
  • Dele kunnskap om eleven si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i kulturskulen
  • Samarbeide godt med kollegaer i heile organisasjonen
  • Administrere eigen undervisning (temaplanlegging, beskjeder til elever, m.m.)

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Høg kunstfagleg utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, tilpassa undervisnings-oppgåvene for stillinga. Som minimum krevjast tre års kunstfagleg utdanning. Krav om PPU eller anna pedagogisk utdanning.
  • studiepoeng kunstfag
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent

Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå prosjektarbeid – prosjektleiing
  • Erfaring frå produksjonsarbeid – produksjonsleiing
  • Undervisning video, fotografi, nye medier m.m.
  • Masterutdanning innan visuelle kunstfag frå høgskole/universitet i tillegg til PPU eller anna pedagogisk utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Du har gode samarbeidsevner og erfaring i å kunne samarbeide med andre om planlegging og gjennomføring av undervisningsopplegg
  • Du er engasjert og har evna til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og ryddig, og til å halde humøret oppe når det er nødvendig
  • Som ein lyttande person får du til gode arbeidsrelasjonar

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Anna:

  • Denne stillinga kan medføre reising, du må difor disponere egen bil
  • All bunden tid foregår på arbeidsplassen
  • Du må delta på personalmøte kvar veke
  • Aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveundervisning
  • Du må rekne med en del kvelds og helgearbeid i løpet av året

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    Knarrevik
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Knarrevik
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3960967
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune