• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6003409
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Kulturhusmedarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal Kulturhus søkjer dedikerte og engasjerte kulturhusmedarbeidarar. Me har behov for:

Stillingar som tilkallingsvakt for kinomaskinist, kioskvert, bartendar og artistvert

Som tilkallingsvakt vil du bli henta inn ved behov for ekstra personale eller som vikar for dei fast tilsette. Du kan bli henta inn som tilkallingsvakt for kinomaskinist, kioskvakt, kulturhusvert og bartender.

 

Kinomaskinist:

Som kinomaskinist vil du ha hovudansvar for filmframsyninga.

 

Kioskvakt:

I kiosken vil du ha ansvar for kiosk og billettsal

 

Kulturhusvert:

Har ansvar for konsertar og andre arrangement

 

Bartender:

Ved arrangement med sal av alkohol, kan kulturhusmedarbeidarar bli sett til å fungere som bartender. 

 

Generelt: Alle kulturhusmedarbeidarane hjelper kvarandre med daglege oppgåver som til dømes reinhald, opprydding, kundeservice mm.

 

Me søkjer kandidatar som oppfyller følgjande krav:

  • Må vere over 18 år
  • Interesse for kunst, kultur, film og kreativ næring.
  • Serviceinnstilt.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Me set også pris på kandidatar som har følgjande kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til bruk av sosiale media.
  • Kjennskap til lyd- og lysteknikk. 
  • Erfaring med salg.

Personlege eigenskapar:

  • Open og nysgjerrig
  • Gode samarbeidsevner.
  • Initiativrik og sjølvstendig.
  • God gjennomføringsevne.
  • God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg.

 

Sogndal Kulturhus tilbyr ein spennande og variert arbeidsplass i eit kreativt miljø. Dette er ei unik moglegheit til å bidra til kulturlivet i Sogndal. Me oppmodar alle interesserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn og erfaring.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6003409
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune