• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    17.04.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingsfunksjon:
    Konsulent
  • Stillingstype:
    Vikariat
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
    norsk
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3669048
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune

Kultur- og idrettskonsulent - vikariat

Ål Kommune

Offentlige tjenester og forvaltning

Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdalskommunane med ca. 4.800 innbyggjarar. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit unikt kulturtilbod, med Ål kulturhus som regionalt kulturelt fyrtårn.

Ål kommune skårar i toppsjiktet på den årlege "Norsk kulturindeks". Kulturindeksen måler både talet på publikum og talet på ulike arrangement i kommunen.
I Ål har me årleg 18 store arrangement som vert gjennomført av frivillig idretts- og kulturliv.

Kultur- og idrettskonsulent - vikariat

Arbeidsoppgåver

  • Ta vare på god dialog og samhandling med Ål idrettsråd, Ål musikkråd og Ål arrangementsforum.
  • Ha ansvar for søknadar knytt til spelemidlar og idrettsanlegg
  • Styrke Ål sin posisjon som kulturkommune ved å utvikle samhandling innan kultur og idrett
  • Samarbeide med kultursjefen om drifts- og utviklingsprosjekt
  • Sakshandsaming

Kvalifikasjonar

  • Har relevant høgare utdanning eller relevant arbeidserfaring
  • Har erfaring og kompetanse med prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Kjennskap til frivillig idretts- og kulturliv i Hallingdal og Ål vil vera ein fordel i dette vikariatet.
  • Dyktig med sosiale medium

Personlege eigenskapar

  • Ein tillitsvekkande nettverksbyggar
  • Utadvent, nysgjerrig og opptatt av å oppnå resultat i lag med andre
  • Ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg
  • Strukturert og energisk, med evne til å ha mange ballar i lufta på same tid
  • Utviklingsorientert, strukturert og samtidig uredd og initiativrik

Me tilbyr

Me tilbyr ei spennande stilling i ein utviklingsorientert kommune og region, løn etter avtale og gunstig pensjonsordning i KLP.
Det må påreknast uregelmessig arbeidstid (kveld og helgar).
Den tilsette må leggje fram politiattest.

Stillinga er 100% mellombels tilsetjing i tidsrommet 15.august 2021- 1. juni 2022.

Spørsmål om stillinga

Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar om stillinga og kommunen:
Kultursjef Hilde L. Bjørnsvik, tlf 95 94 49 68, hilde.bjornsvik@aal.kommune.no
Elektronisk søknad via www.aal.kommune.no\ledige.stillingar
Søknadsfrist 17.04.2021

 
  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    17.04.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingsfunksjon:
    Konsulent
  • Stillingstype:
    Vikariat
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
    norsk
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3669048
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune