• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    03.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6284014
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Koordinator for skulemiljøteam - prosjektstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø for alle elevar?

Vi søkjer ein framoverlent, engasjert og erfaren koordinator til ei spennande prosjektstilling som skal bidra til å opprette skulemiljøteam i Sulaskulen. Du får vere med å utvikle og styrke det førebyggjande arbeidet i skulane i Sula kommune. Stillinga er del av eit treårig prosjekt finansiert gjennom statlege tilskotsmidlar. Sula kommune har stort fokus på tiltak og prosjekt som skal sikre tidleg innsats og inkluderande praksis. Vi arbeider systematisk med tverrfagleg samarbeid, mellom anna gjennom samhandlingsmodellen BTI – betre tverrfagleg innsats. Vi ser etter deg som brenn for at alle elevar skal oppleve ein trygg og god skulekvardag, og som har erfaring med skulemiljøarbeid – gjerne frå leiande rolle.

Om stillinga
Du vil ha base ved Langevåg skule. Gjennom oppretting av skulemiljøteam skal du arbeide systemretta både på individ-, gruppe- og organisasjonsnivå inn mot alle dei fire kommunale skulane.

Kvalifikasjoner:

- Godkjent lærarutdanning for grunnskulen eller anna relevant høgare utdanning
- Erfaring med klasseleiing, og minst 5 år som kontaktlærar
- Ønskjeleg med tilleggsutdanning innan psykososialt arbeid, relasjonsarbeid eller konfliktløysing
- Brei erfaring frå arbeid med skulemiljø
- Kompetanse på opplæringslova § 12 og vurderingar av barnets beste

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Personlige egenskaper:

- Har gode evner til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Har sterk relasjonskompetanse og god forståing for pedagogisk analysearbeid
- Er trygg i møte med elevar, føresette og kollegaer
- Er fleksibel, løysingsorientert og god til å motivere andre
- Har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter

Vi tilbyr:

- Ei meiningsfull rolle der du får bidra til å styrke oppvekstmiljøet for barn og unge
- Moglegheit til å vidareutvikle tenestetilbodet i kommunen
- Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
- Tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling
- Lønn etter tariff (HTA)  

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    03.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6284014
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune