• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3788343
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 17.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Koordinator - eigedomsforvaltning

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket har frå 1.1.2021 omorganisert verksemda si. Eit resultat av dette er at forvalting, drift og vedlikehald av kontorlokala skal koordinerast ut frå eit ønske om felles standardar. Kystverket ønsker å samle oppgåvene, fremme berekraftig drift, ha rett servicenivå og effektiv kontordrift. Fellesavtalar knytt til drift av kontorlokala skal inngåast, forvaltast og optimaliserast.

Oppgåver knytt til eigedomsforvaltning er underlagt innkjøpseininga i Kystverket, og det er åtte medarbeidarar som arbeidar innan eigedomsforvaltning. Desse medarbeidarane er lokalisert på seks ulike lokasjonar, og skal dekke behovet til heile Kystverket.

Ei viktig oppgåve for koordinatoren er å samordne arbeidet med eigedomsforvaltning i ein geografisk spreidd organisasjon. Stillinga har som oppgåve å utvikle fagområdet saman med medarbeidarane, og den skal røkte eit breitt kontaktnett av tenestemottakarar i etaten.

Koordinatoren skal bidra til å utvikle styringsdokument (struktur), organisere arbeid og følge opp arbeidet på lokasjonane. Ei viktig oppgåve vil vere samarbeid og bygging av nettverk, både internt i Kystverket og med eksterne. 

Kvalifikasjoner:

Relevant utdanning på høgskulenivå. Særleg relevant er utdanning innan eigedomsforvaltning. Andre utdanningsløp vert også vurdert
  • Erfaring frå arbeid med eigedomsforvalting er ønskeleg, slik som forvaltning, drift, vedlikehald og service
  • Erfaring frå prosjektarbeid, betringsarbeid og kvalitetsarbeid er ønskeleg
  • Digital kompetanse, slik som system for drift og vedlikehald er ønskeleg
  • Erfaring med offentlege innkjøp og kontraktsarbeid er ønskeleg
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Nødvendig med erfaring frå arbeid med digitale verktøy

Personlige egenskaper:

Kystverket ønsker at alle medarbeidarar er framtidsretta, engasjerte og pålitelege - som er Kystverket sine verdiar

Vi søker ein medarbeidar som:

  • Er nettverksbyggar, liker å arbeide med folk
  • Er analytisk, kan greia ut og anbefale løysingar
  • Er løysnigsorientert, og har interesse for effektivisering
  • Er ryddig og strukturert
  • Er initiativrik og sjølvdrivande
  • Har gjennomføringsevne, også i komplekse saker
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

    Vi tilbyr:

    • Godt arbeidsmiljø og faglege utfordringar
    • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling.
    • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
    • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
    • Stillinga er plassert i kode 1434 rådgivar/ 1364 seniorrådgivar (etter kvalifikasjonar), ltr.60.- 76, frå brutto kr 535 200 til brutto kr 726 400

    Arbeidsstad for stillinga er for tida Ålesund.

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

    I samsvar med offentligheitslova § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i så fall bli varsla om det. Søkjarar som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsføremål.

     

    • Bedrift
      Kystverket
    • Søknadsfrist
      18.05.2021
    • Ansettelsesform
      workTime.Heltid
    • Bransje
      Offentlige tjenester og forvaltning
    • Utdanningskrav
      Påkrevet
    • Arbeidserfaring
      Ønskelig
    • Adresse
      6002, ÅLESUND
      ÅLESUND
    • Antall stillinger
      1
    • karriere-kode
      3788343
    • Se her for andre jobber fra Kystverket
    • Oppdatert 17.05.2021