• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960974
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Koordinator bustadsosialt arbeid - 2årig engasjement i 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

NAV Alver er ein bidragsytar for å utjamne sosiale forskjellar i samfunnet. Bustad er ein grunnleggande faktor i dette arbeidet. Vil du være med å finne gode moglegheiter i bustadmarknaden for brukarar som treng det? Vil du jobbe tett med brukarar som har behov for råd og rettleiing? Då håper vi du sender inn ein søknad.

Om NAV Alver

NAV Alver er ein arbeidsplass med omlag 70 tilsette. Stillinga er knytt til avdeling Service og Velferd mens arbeidsoppgåvene ligg i heile NAV Alver under tema bustadsosial oppfølging.

Avdeling Service og Velferd er organisert i fleire team på tvers av avdelingar og eigne team i avdelinga. Tenesteansvar i Service og Velferd er: Sosiale tenester i NAV, Møtesenter, Nyregistrerte arbeidssøkjarar, Marknadskontakt og Administrative oppgåver. Avdelinga er opptatt av at vi skal ha gode brukarmøter, godt arbeidsmiljø, at vår bistand skal gje brukar auka sjølvstende og vi skal vere ein initiativtakar til samarbeid internt og eksternt.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinerande arbeid rundt den enkelte brukar der bustad er eit sentralt tema
  • Jobbe for at den enkelte får moglegheit til sjølvstendig bustad og økonomi
  • Rettleiing og oppfølging av brukarar ifht midlertidig bustad, skaffe varig bustad, behalde bustad
  • Bistå til busetting og etablering av nyankomne flyktningar
  • Bidra til gode rutinar ifht bustadsosialt arbeid i NAV
  • Gruppeundervisning/rettleiing av ulike brukergrupper
  • Utstrakt samarbeid internt og eksternt både rundt brukar og på systemnivå
  • Sakshandsaming etter lov om sosiale teneste med eigen portefølje
  • Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga

Kompetansekrav

  • Minimum tre års utdanning frå høgskole eller universitet, innan sosialfagleg retning. Særleg relevant erfaring med anna utdanning kan kompensere for krav til utdanningsretning.
  • God samhandlings og formidlingsevne både skriftleg og muntleg
  • Erfaring frå NAV og eller sosialfagleg arbeid er ein fordel
  • God systemforståelse
  • Juridisk forståelse
  • Kan utøve sosialfagleg skjønn
  • Har rettleiingskompetanse og eller erfaring
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskap

  • Relasjonsbyggar og trivst med å byggje godt samarbeid
  • Har gode kommunikasjonsferdigheter skriftleg og muntleg
  • Trivst i sjølvstendig arbeid
  • Arbeider systematisk, effektivt og målretta
  • Kreativ tilnærming

Vi tilbyr

  • Spenande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn og tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 
 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    16.02.2023
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960974
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune