• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4771096
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Koordinator/bornekoordinator

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har no ledig 2 faste stillingar som koordinator/bornekoordinator. Arbeidstid er dagtid med 37,5t per veke. 

Om tenesteområdet Habiliteringstenester

Habiliteringstjenester i Alver kommune gjev tjenester til personer med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Om avdelinga

Du vil vera lokalisert i Knarvik og sitje saman med andre tilsette i avlastingstenesta. I avdelinga vår legg me vekt på at borna/ungdomane skal ha det så trygt som mogleg, der dei kan få gode opplevingar og oppleve meistring. Me er også opptatt av tverrfagleg samarbeid og har tilsette med ulike utdanningar og erfaringar. Det viktigaste er at du ynskjer å arbeida med born og unge! 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil vera å hjelpe familiane til å koordinere tenestene dei har, og eventuelt hjelpe dei med å søkje om tenester. Du vil også i samarbeid med familien og samarbeidsparter utarbeide Individuell Plan. Ein del av ansvaret ditt vil og vera å kalla inn til møter, leie desse og skrive referat. Som bornekoordinator kan du bli meir involvert i arbeidet rundt heile familien.

Kvalifikasjonskrav 

  • 3 årig helsefagleg utdanning. Det er ønskjeleg med videreutdanning innan rettleiing/veiledning. Andre relevante videreutdanningar kan også bli vurdert.
  • Gode datakunnskapar 

Ønskt kompetanse 

Du har gode samarbeidsevner, men trivast også med å jobbe åleine.  Du er god på logistikk og på å leie møter. I møte med pårørande er det viktig at du har kjennskap til kva tenester/tiltak ein har i første – og andre linjetenestene. I tillegg er det viktig at du har gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg. Du har kjennskap til Sampro som er samhandlingsverktøyet og journalsystemet profil

Vi tilbyr

  • Løn etter tariffavtale
  • Gode rutinar og prosedyrar 
  • Faste samarbeidsmøter og rettleiing 
  • Pensjonsordning via KLP
  • Det vurderast i kvart enkelttilfelle om relevant vidareutdanning vil bli kompensert. 

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4771096
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune