• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.05.2021
  • Sted:
    Straume
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Straume
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3790072
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Koordinator 100% og 50% 3 mnd. prosjekt stilling - Barn, unge og familietenester

Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det vert no lyst ut 100% ­og 50% koordinatorstilling i prosjektet «Sommar i Øygarden». Desse koordinatorstillingane vil vera i tett samarbeid med kulturavdelinga i kommunen. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunalsjefområda Kultur og Oppvekst.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og koordinering av sommaraktivitetstilbodet for barn og unge i Øygarden
  • Samhandling med lokale organisasjonar, private aktørar og enkeltinstruktørar
  • Kontakt med skular og SFO
  • Administrering av påmeldingssystem
  • Marknadsføring og anna informasjonsarbeid
  • Kontakt med pressa
  • Oppfølging og tilrettelegging av dei ulike aktivitetane og aktørane i gjennomføringsfasen
  • Økonomioppfølging og rapportering i samråd med prosjektgruppa

Kvalifikasjonar 

Må ha:

  • Erfaring med tilsvarande oppgåver/prosjektleiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar

Ønskjeleg med:

  • Godkjend eller påbegynt utdanning på universitets- eller høgskulenivå

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode organisatoriske evner
  • Kunna jobba godt sjølvstendig og ha evne til å ta initiativ
  • Vera fleksibel og løysingsorientert
  • Visa engasjement og interesse for arbeidet
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Ha høg gjennomføringsevne

Personlege eigenskapar vert særskild vektlagt

Anna:

  • Søkjarane må ha førarkort og bør disponera bil.
  • Søkjarane må kunna leggja fram gyldig politiattest.

Prosjektperiode

  • Frå 1. juni til 31. august 2021 (3 mnd.)

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø som er prega av mangfald, og vil at medarbeidarane våre i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Som IA-bedrift vil kommunen leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Etter utløpet av søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført opp på søkjarlista. Dersom ein ikkje tek omsyn til oppmodinga, vert søkaren varsla om det.

Ved vurderinga av om det skal takast omsyn til ei slik oppmoding, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 
  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    16.05.2021
  • Sted:
    Straume
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Straume
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3790072
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune