• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    20.01.2022
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4279817
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Kontrollar, økonomistyring

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Kystverket er organisert med fire verksemdsområder og det er no ei ledig stilling som kontrollar i staben i verksemdsområdet transport, hamn og farlei. I tillegg til staben, som tel 13 tilsette, inngår fire avdelingar i dette verksemdsområdet; Hav- og kystforvaltning, Utbygging, Transportplanlegging og mobilitet, samt Reiarlag, fyr og sjømerking. Totalt inngår ca. 320 tilsette i dette verksemdsområdet. Transport, hamn og farlei med sine fire avdelingar har ansvar for ein betydeleg andel av Kystverkets budsjett, Kystverkets fakturaer og Kystverkets innkjøpsomfang.

 

Kvalifikasjoner:

Det er krav om:

  • Utdanning på mastergradnivå eller tilsvarande i økonomiske fag 

Det er ønskeleg med:

  • Erfaring som kontrollar frå større eller komplekse verksemder
  • Kjennskap til statleg økonomistyring vil vere ein fordel

Personlige egenskaper:

  • Analytisk, strukturert og sjølvstendig
  • Gode samarbeids,- kommunikasjons- og formidlingsferdigheiter
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverkets verdiar

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheiter
  • Ferieheimsbolig i nokre av fyra til Kystverket
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga er plassert i kode 1364 seniorrådgivar. Lønn frå ltr. 64/kr 583 500 til ltr. 76/kr 734 400 per år, avhengig av kvalifikasjonar
  • Noko reising må påreknast

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.


 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    20.01.2022
  • Sted:
    ÅLESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    ÅLESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4279817
  • Se her for andre jobber fra Kystverket