Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
02.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5634638Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 13.03.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Kontorleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden legekontor er eit veldrevet kommunalt legekontor på Rong. Ved legekontoret er det tilsett 7 fastlegar, 1 LIS1 lege og 3,8 årsverk helsesekretærar Vi søkjer nå kontorleiar i 100 % stilling.
Stillinga inneber dagleg drift av legekontoret med ansvar for blant anna personal og innkjøp. Dagleg drift av legekontor inneber blant anna ansvar for kvalitetsarbeid, organisering av dagleg drift av legekontoret samt leiing og organisering av interne møter.
Andre arbeidsoppgåver er resepsjonsarbeid, telefonvurderingar, blodprøvetaking, laboratoriearbeid, registrering/scanning.
- Det er ønskeleg at søkjer har sjukepleiarutdanning og erfaring frå arbeid ved legekontor.
- Om søkjer ikkje er sjukepleierutdanna , må ein ha autorisasjon som helsesekretær.
- Søkjer bør ha erfaring med IT og journalsystemet Infodoc.
- Søker må beherske norsk muntlig og skriftlig godt.
Å vere personleg skikka vil bli vektlagd.
Søkjer bør være løysingsorientert med gode kommunikasjonsferdigheiter. Det er ønskeleg at søkjer har erfaring frå jobb med slutningsstøtteverktøy med tanke på hastegradsvurdering når legetimar tildelast.
Det er ønskeleg at søkjer har interesse for forbetringsarbeid ved legekontor og at ein kan rettleie helsesekretærar ved behov.
Stillingen vil være underlagt kommuneoverlegen
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Kommuneoverlege Stein Inge Stigen, stein.stigen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
02.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5634638Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 13.03.2024