• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    29.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5566915
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Kontaktpersonar i HAFS Barnevernteneste

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du kompetanse innan barnevern, sosialt arbeid eller anna arbeid med barn og unge? Då håpar vi du les vidare. Vi har ledig to 100 % faste stillingar i tenesta vår no.

HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ti stillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord. Tenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget, undersøking, tiltaksarbeid, barn under omsorg og rettleiing etter barnevernslova. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, som betyr noko reiseverksemd i arbeidet. 

Som kontaktperson i barneverntenesta vil du få ein kvardag med mykje variasjon. Du vil få interessante og faglege utfordringar knytt til rettleiing, sakshandsaming og delta i ulike møte med samarbeidspartar og familiar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø saman med flotte kollegaer som har ulik kompetanse og erfaring og som har eit stort engasjement for barn og familiar.

Vi er ei avdeling som er opptatt av fagleg utvikling, der drøftingar internt og eksternt er med på å utvikle oss og halde oss orientert på det som skjer i fagfeltet. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet som er viktig i høve det å gi rett hjelp til rett tid. 

Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for menneske og ikkje er redd for å stå i krevjande situasjonar. Du gledar deg over "dei små skritta" og er god til å skape tillit og gode relasjoner med barn og deira familiar. Vi søkjer deg som er arbeidsvillig, fagleg engasjert, ynskjer å tileigne deg ny kunnskap gjennom vidareutdanning og vil vere med på å utvikle ei god teneste.

Du må gjerne ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga eller vil ha utfyllande informasjon om arbeidsoppgåvene våre. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

 

Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming etter barnevernslova 
  • Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
  • Fosterheimsoppfølging
  • Samarbeid med andre instansar
  • Direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
  • Arbeid med akutte situasjonar/kriser
  • Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
  • Noko arbeid på ettermiddag/kveld må påreknast  

Kvalifikasjonar
  • Utdanning som barnevernpedagog eller sosionom
  • Anna relevant høgskuleutdanning saman med erfaring og vidareutdanning innan barnevernsfeltet kan vurderast
  • Rettleiingskompetanse er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding
  • Personleg eigna til stillinga

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan arbeide sjølvstendig, er fleksibel og har pågangsmot
  • God relasjonskompetanse  
  • Strukturert

Vi tilbyr
  • Løn etterkvalifikasjonar og ansiennitet
  • 50 000,- alltid på topp tillegg for høgskuleutdanna
  • Fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø 
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver 
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Fagleg og personleg utvikling gjennom rettleiing, opplæring, kurs og vidareutdanning
  • Moglegheit for kurs og utdanning innan barnevernsfeltet
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    29.02.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5566915
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune