• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5211844
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 01.06.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Kontaktperson / Sakshandsamar barnevern -

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Velkommen til deg som ynskjer og gjere ein forskjell og brenn for å arbeide med born, unge og familiar, samt ynskjer å vere med i utvikling av eit framtidsretta barnevern. 

Saksbehandling i henhold til Lov om barneverntjenester. Me har ei ledig fast stilling. Vikariat kan bli aktuelle. Det er stor moglegheit for faste stillingar seinare. Stillingar vert plassert i fleire avdelingar.

Om arbeidsstaden

Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland og er plasserte i heilt nye flotte lokalar i Helsehuset i Knarvik. Tilsette har hovudsakleg einekontor.  

Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfagleg avdeling, samt i alt fire avdelingar: mottak – og undersøking, tiltak, familierettleiing og fosterheim. Tenesta har òg ei stilling som samarbeid – og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar, samt kontorfaglege, eigen psykolog og fagleiar. Tenesta skal i løpet av år 2023 etablera eige miljøteam og samværsstad. Tenesta som heile består av i overkant av 45 tilsette p.t. og skal no auke bemanninga. 

Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er  vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.  

Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.  

Arbeidsoppgåver

  • Utføre oppgåver etter Lov om barnevern og annet relevant lovverk, forskrifter og retningslinjer. 
  • Samtale og samarbeide med barn, unge og deira familiar 
  • Utføre oppgaver i tråd med internkontroll og retningslinjer 
  • Være barnevernstenesta sin representant eller vitne i Fylkesnemnda og øvrig rettsapparat 
  • Delta i saksgjennomgang, veiledning og anna kompetanse og fagutvikling 
  • Bruke digitalt verktøy i arbeidet som elektroniske oppslagsverk og saksprogram. 

Kvalifikasjonskrav: 

  • Prioritert utdanning: Bachelor i barnevern og sosialt arbeid (sosionom). Relevant vidareutdanning med minimum 30 studiepoeng og master i barnevern vil verte føretrukke 
  • Sekundært kan andre med relevant bachelor og master i barnevern søke (eks. Vernepleiar, førskulelærar, spesialped., lærar, politi mv.) Juridisk utdanning kan også vere relevant.  
  • Kompetanse og arbeidserfaring frå 1. linje kommunalt barnevern med god kompetanse på lovverk og saksbehandling 
  • Ha grunnleggjande forståing for barnevernstenesta sitt samfunnsoppdrag og mandat 
  • God relasjonskompetanse 
  • God forståelse og fagleg innsikt i barns utvikling og behov 
  • Håndtere kompleksitet i saker og ha endringskompetanse 
  • Ha evne til å arbeide i motstand, stå i og løyse konflikter 
  • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne 
  • Ha evne til å utvise juridisk forståelse, og gjøre barnevernsfaglege vurderinger 
  • Gode norskkunnskaper muntlig og skriftlig 
  • Sertifikat klasse B. Vi har tjenestebiler 
  • Gyldig politiattest må foreligge ved ansettelse 

I tillegg vil følgjande verte vektlagt:  

  • At du kan utføre arbeidsoppgåver med respekt for barn og deira familiar 
  • At du kan jobbe målretta, ha god struktur og gjennomføringsevne 
  • At du tar ansvar for dine arbeidsoppgaver og eigen kompetanseutvikling, samt deltar aktivt i å skape eit godt og utviklingsfremmende arbeidsmiljø 
  • At du har god arbeidskapasitet og god oversikt i eigne arbeidsoppgåver. 
  • At du har evne til å begeistre og dele kunnskap 
  • Personleg eignaheit i forhold til ovannemde punkt vert sterkt vektlagt. 

 Vi tilbyr:

At du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling. Samt svært flotte, moderne og tilpassa lokalitetar.  

  • Sjølvstendig fleksibelt arbeid 
  • Fagutvikling på fleire ulike område 
  • Systematisk oppfølging av nytilsette 
  • Intern og ekstern rettleiing 
  • Dyktige kollegaer 
  • Godt arbeidsmiljø 
  • Deltaking i utviklingsarbeid. 
  • Fleksitid 
  • God pensjonsordning 

Det må påreknast noko arbeid kveld og ettermiddag men stillinga har dagarbeidstid. 

Alver barnevernsteneste ynskjer godt kvalifiserte søkarar til tenesta og løn er satt i eigen tabell.  

 

Eigen lønstabell for  sakshandsamarstillingar i barnevnernet

- 10 års ansiennitet  + 10 000.- på garantilønssttige for 3 årig utd. / 4 årig utd. / 5 årig utd. og masterstige

- 16 års ansiennitet  + 25 000.- på garantilønssttige for 3 årig utd. / 4 årig utd.  / 5 årig utd. og masterstige

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

 Bli kjent med Alver kommune

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5211844
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 01.06.2023