Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
30.10.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4152923Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 13.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Kontaktperson
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord barnevern har per i dag 26,2 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Så har vi eit oppfølgingsteam som følger opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følger opp plasserte born i fosterheimar og institusjonar. I tillegg har vi eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane. Barnevernet er opptatt av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.
Vi har ledig 100 % stilling som kontaktperson. Stillinga er eit vikariat med start dato etter avtale, og ut oktober 2022. Vikariatet kan bli forlenga. Stillinga vil mest sannsynleg bli knytt til undersøkings- eller omsorgsteamet.
Arbeidsoppgåver i undersøkingsteamet- delta i vurderingar av bekymringsmeldingar
- gjennomføre undersøkingar som følge av bekymringa som er meldt
- samarbeide med barn, ungdom og familiar så lenge undersøkinga varer
- skriftleg dokumentasjon av undersøkinga
- samarbeide med andre team i tenesta og andre tenester
- møte i tingrett og fylkesnemnd etter behov
- samarbeide med barn, ungdom og familiar
- utarbeide plan for plasseringstiltak
- sørge for at plasseringane blir iverksett
- lage oppdragsavtalar og følge opp oppdragstakarane
- skriftleggjere evalueringsrapportane
- samarbeide med andre team i tenesta og andre tenester
- møte i tingrett og fylkesnemnd etter behov
- utdanningskrav; helst barnevernpedagog eller sosionom, men andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle
- gjerne vidareutdanning/master retta mot arbeid i barnevernet
Den som vert tilsett må ha førarkort kl. B.
Personlege eigenskaparVi søker etter deg som har evne til å jobbe sjølvstendig, og i team. Du har evne til å handtere uavklarte situasjonar, der ein til dømes har usikker innformasjon om barn lir overlast eller ikkje. Samtidig kan du jobbe målretta og systematisk. Som tilsett i eininga vår viser du fleksibilitet, kreativitet og du har gode samarbeidsevner. Du må vere positiv og tolmodig i samarbeid med familiar som er i ein vanskeleg situasjon, slik at du ikkje påfører unødige beskymringar eller belastningar på barnet eller familien, som følge av undersøkinga.
Vi søker etter deg som kan handtere periodar med stor pågang og tilhøyrande fristar, og som har god munnleg og skrifteleg framstillingsevne.
Kva tilbyr vi?Som tilsett i Sunnfjord barnevern får du ein meiningsfull jobb ved å hjelpe barn og familiar som har det vanskeleg. Du får ein variert arbeidskvardag i eit godt kollegialt miljø. I tillegg har Sunnfjord kommune god pensjons- og forsikringsordning.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
30.10.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4152923Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 13.10.2021