Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5349895Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Kontaktperson 100 % fast stilling og 100 % vikariat i HAFS Barnevernteneste
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du kompetanse innan barnevern, sosialt arbeid eller anna arbeid med barn og unge? Då håpar vi du les vidare.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling og eit 100 % vikariat i barneverntenesta vår. Vikariatet er frå snarast og til 01.september 2024.
Sakshandsamarar med høgskuleutdanning får eit tillegg på 50 000,-.
HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ti tilsette med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord. Tenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget, undersøking, tiltaksarbeid, barn under omsorg og rettleiing etter barnevernslova. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, som betyr noko reiseverksemd i arbeidet.
Vi søkjer deg som har eit brennande engasjement for menneske og ikkje er redd for å stå i krevjande situasjonar. Du gledar deg over "dei små skritta" og er god til å skape tillit og gode relasjoner med barn og deira familiar. Vi søkjer deg som er arbeidsvillig, fagleg engasjert, ynskjer å tileigne deg ny kunnskap gjennom vidareutdanning og vil vere med på å utvikle ei god teneste.
Som kontaktperson i barneverntenesta vil du få ein kvardag med mykje variasjon. Du vil få interessante og faglege utfordringar knytt til rettleiing, sakshandsaming og delta i ulike møte med samarbeidspartar og familiar.
Vi er ei avdeling som er opptatt av fagleg utvikling, der drøftingar internt og eksternt er med på å utvikle oss og halde oss orientert på det som skjer i fagfeltet. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet som er viktig i høve det å gi rett hjelp til rett tid.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø saman med flotte kollegaer som har ulik kompetanse og erfaring og som har eit stort engasjement for barn og familiar.
Du må gjerne ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga eller vil ha utfyllande informasjon om arbeidsoppgåvene våre. Vi ser fram til å høyre frå deg.
- Sakshandsaming etter barnevernslova
- Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
- Fosterheimsoppfølging
- Samarbeid med andre instansar
- Direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
- Arbeid med akutte situasjonar/kriser
- Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
- Noko arbeid på ettermiddag/kveld må påreknast
- Utdanning som barnevernpedagog eller sosionom, eller anna relevant høgskuleutdanning
- Rettleiingskompetanse er ønskjeleg
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding
- Personleg eigna til stillinga
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan arbeide sjølvstendig, er fleksibel og har pågangsmot
- God relasjonskompetanse
- Strukturert
- Løn etter erfaring og kvalifikasjonar, 50 000,- i tillegg
- Fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Fagleg og personleg utvikling gjennom rettleiing, opplæring, kurs og vidareutdanning
- Moglegheit for kurs og utdanning innan barnevernsfeltet
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5349895Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Nestleiar i HAFS interkommunale barnevernteneste
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Barnevernkonsulent
Austevoll kommune
STOREBØ -
Sjukepleiar / paramedic 100 % fast stilling - Hallingdal legevaktsentral / Ål legekontor
Ål Kommune
ÅL -
Miljøterapeut / sjukepleiar / vernepleiar 100 % fast stilling - avdeling Meistring
Ål Kommune
ÅL -
Avdelingsleiar 100 %
Vestnes kommune
VESTNES