• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5191073
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 13.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Kontaktperson 100 % fast stilling og 100% vikariat i HAFS Barnevernteneste

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du kompetanse innan barnevern, sosialt arbeid eller anna arbeid med barn og unge? Då håpar vi du les vidare.

Vi har ledig ei 100% fast stilling og eit 100% vikariat i barneverntenesta vår. Vikariatet er frå snarast og ut 2023. 

HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har 10 tilsette med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord. Tenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget, både sakshandsaming, vurdering og tiltaksarbeid etter barnevernslova. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr noko reiseverksemd i arbeidet. 

Som kontaktperson i barneverntenesta vil du få ein kvardag med mykje variasjon. Du vil få interessante og faglege utfordringar knytt til rettleiing, sakshandsaming og delta i ulike møte med samarbeidspartar og familiar.

Vi er ei avdeling som er opptatt av fagleg utvikling, der drøftingar internt og eksternt er med på å utvikle oss og halde oss orientert på det som skjer i fagfeltet. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet som er viktig i høve det å gi rett hjelp til rett tid. 

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø saman med flotte kollegaer som har ulik kompetanse og erfaring og som har eit stort engasjement for barn og familiar.

Du må gjerne ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga eller vil ha utfyllande informasjon om arbeidsoppgåvene våre. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming etter barnevernslova 
  • Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
  • Fosterheimsoppfølging
  • Samarbeid med andre instansar
  • Direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
  • Arbeid med akutte situasjonar/kriser
  • Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
  • Noko arbeid på ettermiddag/kveld må påreknast  
Kvalifikasjonar
  • Utdanning som barnevernpedag eller sosionom, eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Rettleiingskompetanse er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding
  • Personleg eigna til stillinga
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
Vi tilbyr
  • Konkurransedyktig løn etter lokal avtale
  • 50 000,- alltid på topp tillegg
  • Moglegheit for kurs og utdanning innan barnevernsfeltet
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fine lokale
  • Rettleiing
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5191073
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 13.05.2023